Berekraft

Visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. Vi er opptekne av naturmiljøet og samfunnet som vi er ein del av, og berekraftig vekst er kjerna i det vi gjer. Vi har vore her i 100 år, og vi tek sikte på å halde fram i generasjonar.

Ulstein tilbyr skipsdesign, skipsbygging, systemløysingar og tenester som mogleggjer effektive, forsvarlege og pålitelege maritime operasjonar. (Forretningskonsept).

Vi fokuserer på verdiane våre: "Innovere, Engasjere og Avansere".
Gjennom strategiane våre: "Berekraftig vekst, internasjonalisering og innovasjon", arbeider vi kontinuerleg for å nå visjonen vår:
"Vi skaper morgondagens løysingar for berekraftieg marine operasjonar."

For å oppnå berekraft vil Ulstein arbeide for at alle aktivitetar og produkt har minst mogleg negativ effekt på miljøet (HMS-POLITIKK) gjennom følgjande:

Ulstein arbeider for at alle aktivitetane og produkta våre skal føre til minst mogleg negativ påverknad på naturmiljøet gjennom følgjande:

  • 100% samsvar med gjeldande krav og forskrifter
  • Ha målbare steg for å sikre at produkta, prosessane og operasjonane våre er meir berekraftige, inkludert energieffektivitet i drifta vår og resirkulering av materialar
  • Fokus på å utvikle miljøvenlege produkt, som kan hjelpe kundane våre med å redusere sitt miljøavtrykk

Produktutvikling

Når vi designer eit skip eller utviklar eit product, ser vi på miljøpåverknaden gjennom heile livssyklusen. Alle produkt vil gi ein påverknad når det blir produsert, når det er i bruk og når det vert tatt ut av bruk. Vi held oss oppdaterte på alle nye miljøstandardar og sikkerheitsreguleringar, og arbeider kontinuerleg med å innarbeide desse i nyutvikla produkt for å redusere totalpåverknaden.

Fornuftig bruk av ressursar

Nokre av aktivitetane våre er regulerte av lover og reglar som er utarbeidde for å ta vare på naturmiljøet. Desse krevjer ekstra oppfølging.

Verftet vårt er det største enkeltselskapet i konsernet, og fører til stor etterspurnad av ressursar. Det er ei målsetting å halde dette ressursbehovet på eit fornuftig nivå og å redusere miljøfarane ved avfallshandtering. Skipsbygging fører, som andre produksjonsaktivitetar, til avfallsgenerering.  Verftet vårt har prosedurar for ei ansvarsleg handtering av avfall, inkludert farleg avfall, ulike metallar, olje, restar frå sandblåsing og maling. Verftet har også lagt ned mykje innsats og investeringar i energieffektivitet og energisparing.

FN sine utviklingsmål innan berekraft

Vi støttar FN sine mål for berekraftig utvikling, som er eit globalt tiltak for å få slutt på fattigdom, ta vare på jorda og sikre at alle menneske opplever fred og framvekst.

Vi rapporterar årleg inn om aktivitetane våre i dei ti prinsippa som ligg i ‘UN Global Compact’.

Vi set inn ressursar på innovasjon og å utvikle nye løysingar for miljøvennlege marine og maritime aktivitetar. Vi skal levere energieffektive skip med lang levetid, som kan bli drifta av fornybare energikjelder eller løysingar som gir lågt karbonavtrykk. Dette inkluderer nye typar fartøy eller løysingar som hjelper kundane med å auke verdiskapinga, samtidig som drivstoffeffektiviteten vert forbetra, utsleppa reduserte og som gir mindre skadar på miljøet.

QHSE- kvalitet, helse, sikkerheit og miljø

Noreg har vore ein sjøfarande nasjon sidan før vikingtida. Dei norske røtene våre vitnar om lange tradisjonar innan maritim kunnskap. I 100 år har dei krevjande forholda i Nordsjøen forma ULSTEIN sine standardar innan kvalitet og sikkerheit og skapt eit sterkt fundament for å møte framtidas utfordringar.

QHSE

Helse, miljø og sikkerheit

​Folka i Ulstein er vår viktigaste resssurs, og fokuset vi har på helse, sikkerheit og miljø (HMS) er ein naturleg del av kvardagen vår. ​

Helse, miljø og sikkerheit

Kvalitet i Ulstein

Løysingane våre gjer det mogleg for skipseigarar, operatørar og kontraktørar å oppnå varig konkurranseevne i sine maritime operasjonar.

Kvalitet