Engineer/ Senior Engineer Power systems

Ulstein Group jobbar aktivt inn mot det grøne skiftet, og i dette arbeidet er Ulstein sine Power- og automasjonsløysingar sentrale. 

Som Poweringeniør i Ulstein Power & Control bidreg du inn i eit innovativt og engasjert miljø, med høve til personleg og fagleg utvikling. Ingeniørteamet er sentralt i utvikling av berekraftige system og tenester knytt til nybygg, retrofit og service.

Ulstein Power & Control er eit systemintegrasjon- og serviceselskap i vekst og utvikling, med fokus på å tilby målretta system og tenester til kundar i inn- og utland.

Vi ser etter kandidatar som ønsker å påverke og skape resultat i samarbeid med andre, og utøve verdiane våre gjennom å «Innovere, engasjere og avansere».

Ulstein Power & Control har hovudkontoret sitt i Ulsteinvik, og kontorfasilitetar i Ålesund

Informasjon

  • Søknadsfrist: 09.02.23
  • Bedrift: Ulstein Power & Control AS
  • Arbeidsstad: Ulsteinvik/Ålesund
  • Tittel: Engineer/ Senior Engineer Power systems
  • Tal stillingar: 1
  • Fulltid / deltid: Fulltid
  • Tilsettingstype: Fast stilling
Geir Knut Jeanette Inge PES7842

Engineer/ Senior Engineer Power systems - send inn søknad

Søk her

Arbeidsoppgåver

  • Delta aktivt i utvikling av løysingar knytt til det grøne skiftet  
  • Systemintegrasjon av Power- og automasjonsløysingar 
  • Design og oppfølging av Powerløysingar  
  • Delta i utvikling av framtidig Powerarkitektur 
  • Engineering, oppfølging og kontroll av prosjektleveransar 
  • Delta/bidra i kompetanseutviklingstiltak i Ulstein 
  • Stillinga inneber sjølvstendige arbeidsoppgåver og samarbeid i tverrfaglege team 
  • Teknisk støtte til serviceingeniørar

Kvalifikasjonar

  • Teknisk erfaring blir vektlagt, men også nyutdanna blir vurderte  
  • Kunnskap innan kraftsystem og automatisering 
  • Gjerne erfaring med teikneprogrammet AutoCAD 
  • Gjerne kunnskap og erfaring med skipssystem og maritim industri 
  • Kompetanse på kortslutningsberekningar og selektivitetsanalysar er ønskjeleg  
  • Høgskule/universitet, bachelor- eller mastergrad   
  • Gode norsk- og engelsk-kunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Gode evner til kommunikasjon og samarbeid 
  • Løysingsorientert
  • Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig i ein hektisk kvardag  
  • Vilje til å søkje ny kunnskap og dele erfaringar

Vi tilbyr:

  • Sterkt fagleg miljø og høve til personleg utvikling
  • Godt arbeidsmiljø
  • Konkurransedyktig løn
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Fleksitidsavtale

Kontaktar

Per Einar Moldskred
Managing Director
977 92 121

Geir Haddal
Senior Engineer – System Architect • Power Systems
970 58 061

Katrine Sundal

HR Advisor
480 17 937


OM ULSTEIN

ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjent leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I over 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og vår visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.

Menneska i ULSTEIN er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdomar, erfaring og bakgrunn skapar eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.

Ulstein Power & Control AS tilbyr service på marine system knytt til kommunikasjon, bru, power og automasjon, og leverer Ulstein sine systemløysingar innan power og marine automasjonssystem. Selskapet er ein del av forretningsområdet Design & Solutions.