IT-leiar

Vår visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. For å oppnå dette trur vi at kontinuerleg fokus på teknologi og utvikling er avgjerande.

IT-avdelinga vår spelar ei sentral rolle i denne utviklinga gjennom å sørge for ein effektiv og sikker samhandlingsplattform, å gjere ny teknologi tilgjengeleg for brukarane våre, og gjennom fagleg utvikling og evne til å utfordre eksisterande måtar å arbeide på.

No søker vi etter ein erfaren IT-leiar som vil vere med oss vidare på denne reisa og som kan ta ansvar for våre aktivitetar og medarbeidarar knytt til IT-drift, -kommunikasjon og -sikkerheit.

Vi ønsker å kome i kontakt med deg som har høgare utdanning innan IT og stor interesse for teknologi. Du er gjerne prosessorientert og brenn for kontinuerleg forbetring og å finne dei gode løysingane. Kjenner du deg igjen i dette og samtidig erkjenner at å skape endring betyr å gå vegen saman med andre – då bør vi ta ein prat.

Informasjon

  • Søknadsfrist: 11. juni
  • Bedrift: Ulstein Verft
  • Arbeidsstad: Ulsteinvik
  • Tittel: IT Manager
  • Tal stillingar: 1
  • Fulltid/deltid: Fulltid
  • Tilsettingstype: Fast stilling
Ulstein Verft aftermarket service assignments January 2023, photo: Per Eide Studio.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge, koordinere og leie det operative arbeidet i IT-avdelinga
  • Ansvar for konsernet sin infrastruktur, kommunikasjonsplattform og IT-sikkerheit
  • Ansvar for å vedlikehalde og utvikle Ulstein sin IT-strategi, -arkitektur og -prosessar
  • Sørge for at avdelinga har rett kompetanse og kapasitet i møte med behova i Ulstein
  • Operativt ansvar for sentrale forretnings- og samhandlingsapplikasjonar
  • Kontaktpunkt mot samarbeidspartnarar og leverandørar relatert til IT
  • Lisensadministrasjon, intern support og brukarstøtte relatert til HW/SW
  • Leie ulike IT-prosjekt
  • Vere rådgjevar og sparringspartnar for selskapa våre

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning innan IT eller tilsvarande
  • Leiarerfaring frå relevant IT-miljø
  • Gode engelsk- og norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
  • Erfaring med sourcing av IT-tenester er ønskeleg
  • Erfaring frå både personalleiing og prosjektleiing

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Sjølvstendig, strukturert og ansvarsbevisst
  • Gode evner til planlegging og dokumentering
  • Resultatorientert og initiativrik
  • Serviceminded og fokus på brukaroppleving og kvalitet
  • Positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet

Vi tilbyr

  • Interessante, utfordrande og utviklande oppgåver i eit internasjonalt konsern
  • Ei sentral og utadretta rolle i IT-avdelinga
  • Eit fagmiljø som vektlegg personleg utvikling, sjølvstende og trivsel
  • Konkurransedyktige lønsvilkår
  • Fleksitidsordning
  • God pensjonsordning og forsikringsordning

Kontakt

Johannes Volle
Group Finance Manager
Telefon: 472 82 135
E-post: johannes.volle@ulstein.com

Om Ulstein

ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjent leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og vår visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.

Menneska i ULSTEIN er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdomar, erfaring og bakgrunn skapar eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.

Ulstein Verft utviklar og byggjer avanserte spesialfartøy mellom anna innan offshore olje og gass, havvind, RoPax og cruise, og har lang erfaring innan engineering, nybygg, installasjon, kommisjonering og oppgradering. Selskapet er ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.