Lærlingar elektrikar
Ulstein er eit familieeigd selskap som arbeidar innan det maritime området. Vi designar, byggjer og leverer løysingar til skip.
Vi likar å utfordre bransjen og kome opp med løysingar som reduserer miljøavtrykk og gir kundane våre konkurransefortrinn. Verdiane våre - å engasjere, innovere og avansere - bidreg til å skape eit godt arbeidsmiljø og gjer Ulstein til ein trygg og ansvarleg samarbeidspartnar.
Ulstein Elektro Installasjon AS har lang tradisjon for inntak av lærlingar, og ettersom vi har aukande aktivitet søkjer vi deg som er lærevillig og fagleg interessert i skipsbygging. Vi ser etter deg som kan vere med på å utvikle og skape resultat samstundes som du fullfører ditt læreløp.
Informasjon
- Søknadsfrist: 4. juni 2023
- Bedrift: Ulstein Elektro Installasjon AS
- Arbeidsstad: Ulsteinvik
- Stillingstype: Lærling
- Tal stillingar: To

Elektrikar lærling - send inn søknad
Søk herArbeidsoppgåver
Er du klar for å løyse framtidas utfordringar for den maritime industrien?
Ulstein Elektro Installasjon AS har ein velfungerande produksjon med høg kompetanse og dyktige medarbeidarar som ivaretek våre prosjekt på ein god måte. Som lærling hjå oss vil du få ei spanande og utfordrande læretid. Du vil vere ein del av eit dyktig team, der du vil bli utfordra på å skape kreative og gode løysningar for å løyse noverande og framtidige prosjekt.
Vi søker etter interesserte og lærevillige kandidatar innan Elektrikarfaget.
Hjå oss vil du få fagopplæring etter læreplan, og vi vil fylgje opplæringa di fram til fullført læretid.
Kvalifikasjonar
- VG1
- VG2
Personlege eigenskapar
- Fagleg interessert
- Engasjert
- Pliktoppfyllande
- Kvalitetsbevisst
- God HMS-haldning
- Gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Dyktige fagarbeidarar og rettleiarar som fylgjer deg i heile læretida, og sikrar deg variert praksis
- Eit godt og etablert læringsmiljø
- Fleksitidsordning
- Løn iht. tariff
- Moglegheiter for relevante kurs
Det er gode moglegheiter for vidare arbeid etter endt læretid.
Kontakt
Hanne Notøy
Lærlingansvarleg
975 58 816
Dagbjørn Myklebust
Head of Administration
905 45 468
OM ULSTEIN
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjent leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og vår visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.
Menneska i ULSTEIN er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdomar, erfaring og bakgrunn skapar eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Elektro Installasjon er ansvarleg for elektrisk installasjonsarbeid om bord i avanserte spesialfartøy bygde ved Ulstein Verft. Selskapet er ein del av forretningsområdet Shipbuilding, som utviklar konkurransedyktige fartøy for oppdrag som offshore olje og gass, havvind, RoPax og ekspedisjonscruise.