Lærlingar produksjon
Ulstein er eit familieeigd selskap som arbeidar innan det maritime området. Vi designar, byggjer og leverer løysingar til skip.
Vi likar å utfordre bransjen og kome opp med løysingar som reduserer miljøavtrykk og gir kundane våre konkurransefortrinn. Verdiane våre - å engasjere, innovere og avansere - bidreg til å skape eit godt arbeidsmiljø og gjer Ulstein til ein trygg og ansvarleg samarbeidspartnar.
Ulstein Verft har lang tradisjon for inntak av lærlingar, og ettersom vi har aukande aktivitet søkjer vi deg som er lærevillig og fagleg interessert i skipsbygging. Vi ser etter deg som kan vere med på å utvikle og skape resultat samstundes som du fullfører ditt læreløp.
Informasjon
- Søknadsfrist: 4. juni 2023
- Bedrift: Ulstein Verft
- Arbeidsstad: Ulsteinvik
- Stillingstype: Lærling
- Tal stillingar: Fire

Lærling i produksjonen - send inn søknad
Søk herArbeidsoppgåver
Er du klar for å løyse framtidas utfordringar for den maritime industrien?
Ulstein Verft har ein velfungerande produksjon med høg kompetanse og dyktige medarbeidarar som ivaretek våre prosjekt på ein god måte. Som lærling hjå oss vil du få ei spanande og utfordrande læretid. Du vil vere ein del av eit dyktig team, der du vil bli utfordra på å skape kreative og gode løysningar for å løyse noverande og framtidige prosjekt.
Vi søker etter interesserte og lærevillige kandidatar innan fylgjande fagfelt:
- Industrirørleggar
- Industrimekanikar
- Sveis
- Industrisnikkar
Hjå oss vil du få fagopplæring etter læreplan, og vi vil fylgje opplæringa di fram til bestått fagbrev. Arbeidsoppgåvene vil vere varierte, og kan blant anna innebere prefabrikkering og montering av ulike konstruksjonar. Vidare vil montering av dører, vindauge, eksosanlegg, veggar og dekksutrusting kunne vere relevante arbeidsoppgåver ut i frå avdelingstilhørsle. Det vil også bli gitt opplæring i bruk av spesialverktøy og i bruk av ulike material og profiltypar.
Kvalifikasjonar
- VG1
- VG2
Personlege eigenskapar
- Fagleg interessert
- Engasjert
- Pliktoppfyllande
- Kvalitetsbevisst
- God HMS-haldning
- Gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Dyktige fagarbeidarar og rettleiarar som fylgjer deg i heile læretida, og sikrar deg variert praksis
- Eit godt og etablert læringsmiljø
- Fleksitidsordning
- Løn iht. tariff
- Moglegheiter for relevante kurs
- Det er gode moglegheiter for vidare arbeid etter endt læretid.
OM ULSTEIN
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjent leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og vår visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.
Menneska i ULSTEIN er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdomar, erfaring og bakgrunn skapar eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Verft utviklar og byggjer avanserte spesialfartøy mellom anna innan offshore olje og gass, havvind, RoPax og cruise, og har lang erfaring innan engineering, nybygg, installasjon, kommisjonering og oppgradering. Selskapet er ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.