Yno 1 - Elna

Starting in 1917 with repairs and ship lengthenings, and becoming an agent for the Rapp engines, the company experienced a great deal of work in its first years. Then came the regression in the 1930s, followed by WW2. The only major work during this period started in 1944 with the complete rebuild of 'Elna'.

Ship history

The development progress in Norway that had started around 1930, came to an abrupt end with World War 2, which in Norway commenced in spring 1940. The business activities came to a halt, and each one was busy to get oriented in the new situation, plow the soil and grow potatoes. Slowly, the work life restarted, but everything was controlled and restricted, and materials such as wood, iron and steel were hard to get. Most work at the company was maintenance work, as it was difficult to get permission for newbuildings, yet there were plenty of work tasks. This came as a result that most larger companies working with ship construction and mechanical work were partly taken over or at least being under control by the occupational power. Despite controls and frequent inspections, the workers were never forced to work under command at this company. It was probably too small and unimportant, which was beneficial to the fishing and freight fleet that needed repairs and maintenance. 

The only major work at Ulstein mek. during this period was started in autumn 1944. The Myrset brothers from Kristiansund had a sloop they wanted to be converted. They'd rather have a new vessel, but were not permitted to. They were, however, allowed to repair the old one. The boat was demolished and rebuilt, and it was ultimately turned into a new boat, with only some spun hooks midships remaining of the old boat. Basically, 'Elna' is yard number 1 from Ulstein mek. Verksted. The boat was about 80 feet, elaborated and well equipped.
(All above quoted from Ulstein Mek 40-year anniversary book, published 1957).

The first 10 builds at Ulstein were carried out in much the same manner, as major modifications. It is yard number 11, 'Torulf', which is counted as the first real newbuilding from Ulstein mek.

Skipshistorie

Den oppbyggingsbolken som tok til kring 1930 fekk ein brå slutt då andre verdskrigen kom til Noreg våren 1940. All verksemd stogga brått, og ein kvar hadde nok med å orientere seg i det nye tilhøva, bryte jord og setje poteter. Etter kvart kom arbeidslivet i gong, og ein prøvde å gjere best mogleg ut av den stoda ein var i. Det var kontroll og restriksjonar på alle ting og dertil lite material å få av tre, jarn og stål. Det var for det meste vanleg vedlikehaldsarbeid som vart drive, då det var vanskeleg å få løyve til særleg nykostnad, likevel var tilgongen til arbeid god. Det kom for ein stor del av at dei fleste større verksemder i den bransjen som arbeidde med båtar og mekaniske arbeid, vart delvis overtekne og i alle høve kontrollerte av okkupasjonsmakta. Sjølv om det var ein del kontroll og stadige inspeksjonar slapp ein likevel å ta arbeid på kommando ved denne verksemda. Ho var vel etter deira syn for lita, og det kom vél med for fiske- og fraktflåten som trass alt måtte haldast ved like.

Det einaste storarbeid ved verksemda i denne tida vart påbyrja hausten 1944. Brødrene Myrset frå Kristiansund hadde ei jakt som skulle ombyggast. Dei ville helst ha eit nytt fartøy, men det fekk dei ikkje løyve til, derimot kunne dei få reparere det gamle. Så tok ein til å rive og bygge, og til slutt vart det ein ny båt, det einaste som var att av det gamle, var nokre få spantekrokar midtskips. Når dette vert nemnt, er det for at 'Elna' var i grunnen byggenummer 1 frå Ulstein. Fartøyet var om lag 80 fot og vel forseggjort og utstyrt.
(Saksa frå Ulstein mek sitt 40-års historieskriv, utgitt 1957).

Dei første 10 bygga ved Ulstein gjekk nok føre seg på same viset, som større ombyggingar, og det er først ved bnr 11, Torulf, at vi får det første verkelege nybygget frå Ulstein mek.