Jubileumsfest

2. september inviterer vi til feiring av vårt 100-årsjubileum i dokkhallen på Ulstein, og du er invitert! Artistane Sigrid, Madcon og Cezinando kjem, og saman med Ulstein mannskor, Bendik Hustadnes, Webjørn Sæther og Thomas Numme vil det bli eit forrykande show for tilsette, bygda, regionen og andre inviterte gjestar!

Konferansieren

Thomas Numme vert konferansier på Ulstein sin 100-årsfest. Thomas har lang erfaring frå tv-bransjen, og er kjend som programleiar for 'Senkveld med Thomas og Harald' på TV2.

Les meir