Konvensjonen for behandling av ballastvatn er vedtatt – no må skipa gjere tiltak

IMO-konvensjonen om rensing av ballastvatn har vorte ratifisert, og vil tre i kraft 8. september 2017. Skipa må innan den datoen gjere tiltak for å unngå at framande organismar vert spreidde i dei maritime økosystema.

Ulstein Group samarbeider med fleire kjende leverandørar av utstyr for å sikre at skipa vil tilfredsstille krava i konvensjonen. Verftet har dokkapasitet og kan ta på seg slike oppdrag separat eller som del av ei klassing. Ulstein sitt selskap innan kraft og kontrollsystem (Ulstein Power & Control) kan tilby integrering mot ULSTEIN IAS-systemet.



Nivå 1 – grunnleggande 

Vi kan utføre grunnleggande (basic) engineering – skjemateikningar og manualar

Nivå 2: - grunnleggande og detalj
Dette nivået inkluderer grunnleggande (basic) engineering i form av skjemateikningar og manualar, men også detaljert (detail) engineering, både skjemateikningar, produksjonsteikningar og manialar.

Nivå 3: Grunnleggande, detalj og levering av utstyr
Dette nivået omfattar grunnleggande engineering med skjematiske teikningar og manualar, detaljdesign med skjemateikningar, produksjonsteikningar og manualar, og også utstyrsleveransar

Nivå 4 – Engineering, innkjøp, montering og testing
Dette nivået inkluderer både grunnleggande og detaljert engineering, innkjøp og levering av utstyr, og installasjon og testng av utstyr.


Kva er konvensjonen for behandling av ballastvatn?
IMO  (the International Maritime Organization), eit selskap i FN som har som særskilt ansvar å arbeide for sikkerheit og sikring av shipping og å hindre maritim forureining frå skip. 

Framande akvatiske artar er ein stor trussel for dei marine økosystema, og skipsfart er identifisert som ein viktig faktor for at slike artar har blitt innførte til nye miljø. Skipa må no kunne handtere ballastvatnet for å fjerne, uskadeleggjere, eller unngå å ta opp eller sleppe ut akvatiske organismar og patogenar (sjukdomsframkallande organismar) i ballastvatn og sediment. Fleire behandlingssystem finst allereie tilgjengeleg.

IMO sin “Convention for the Control and Management of Ships’ Ballast Water and Sediments” (BWMC), stiller som krav at ballastvatnet må behandlast før det vert sleppt ut, slik at ikkje uønska organismar frå andre farvatn vert spreidde. IMO reknar med at fleire tusen ulike organismar vert frakta over verdshava gjennom ballastvatn i skipa. Det gjer at svært mange skip no må installere ballastrensesystem.

Ulstein Verft: Leverer på tid med 100 års erfaring

 

Please contact us for more information

Contacts