Kranløft og transport

Ulstein Verft spesialiserer seg på tungløft og transport med lekter. Fleksibilitet er vår styrke. Ved å kombinere bruken av mobilkran, lekter og multiwheeler kan vi gjere oppdrag både på land og på sjøen. Fleksibiliteten gjer at vi kan flytte konstruksjonar som er for tunge for trailertransport på land.

Onshore og offshore-lektertransport

Tungløftavdelinga utfører løfte- og transportoppdrag langs heile norskekysten.

Mobilkrana av typen Demag CC2800-1 kan køyrast på land der forholda tillet det. Med vårt utstyr kan vi ta på oss eit breitt spekter av løft og frakt både på land og sjø.

Den fleksible kombinasjonen av utstyr gjer at vi kan løyse dei fleste løfte- og transportutfordringar på land og sjø, ofte som ein kombinasjon av frakt og løft mellom ulike stader.

Vi samarbeider med anerkjende taubåtselskap, til dømes Buksér og Berging og Stadt Sjøtransport.

Mobilkrana kan løfte opp til 600 tonn på land og 400 tonn på lekter, og er til vanleg stasjonert i Ulsteinvik. Krana kan lastast på lekter for oppdrag langs heile kysten. Vi har utført oppdrag i alle kystfylka frå Rogaland i sør til Troms i nord.

Løft og transport av fabrikk for Nergård Pelagic i Måløy, løft av kjele 70 tonn og kokarar med bruk av mobilkran på lekter.
Løft og transport av fabrikk for Nergård Pelagic i Måløy, løft av kjele 70 tonn og kokarar med bruk av mobilkran på lekter.


MOBILKRAN - LEKTER - MULTIWHEELERAR:

Referansar

Please contact us for more information

Jostein Sørnes

Heavy lift manager

Tel: +47 99251705

jostein.sornes@ulstein.com

Ulstein Verft AS

P. O. Box 158
NO-6067 Ulsteinvik
Norway


Tel: +47 7000 8000

gr@ulstein.com