SISTE DAG PÅ FERJÅ

Published

Eiksundsambandet opna 23. februar 2008, og gjorde Ulsteinregionen ferjefri inn mot Ørsta/Volda. Pendlarane i Ulstein Group feira med kake på den siste dagen med ferjependling markert med kake.

Kakeeting for ferjependlarane.
Kakeeting for ferjependlarane.

Ein av dei var Jan Peder Hoggen, som då var assisterande prosjektleiar i Ulstein Verft. Etter 17 år med pendling såg han fram til å sleppe ferjeturen frå Rjånes til Eiksund om morgonen.

- Dette betyr veldig mykje for meg på mange måtar, blant anna vil eg få meir fritid, over ein time meir kvar dag, fortalde voldingen entusiastisk. Når han vert spurt om sin definisjon på pendling svarar han: - Å stå opp grytidleg, hive i seg frukost, og få seg ein kaffi på bensinstasjonen før turen ber i frå Volda til Ulstein.

Med Eiksundsambandet betyr det at pendlinga vert raskare og meir fleksibel.

- Kanskje eg skal ta opp ein ny hobby? I alle fall vert det mykje meir tid til dei allereie eksisterande hobbyane mine som til dømes fjellturar. Ein annan bonus er at eg kan sove litt lenger om morgonen, sa han blidt.

- Med større fleksibilitet så meiner eg at eg kan sleppe å bekymre meg for om eg kjem med den første ferja, eller om eg må vente på neste. Så det er ikkje berre eit pes om å rekke ei ferje, men også om å kome med på ho, forklarar han.

Sju år før opninga av sambandet bygde Børulf Lefdal seg hus i Hovdebygda i Ørsta i påvente av at Eiksundsambandet skulle gjere pendlarvegen til Ulstein Verft kortare.

- Det blir så kjekt når sambandet kjem. Ferja er ein stressfaktor heile tida. No vil eg få ein time meir fritid for dag. Og fritida er viktig, særleg når ein har to små born, sa Børulf, som då var senioringeniør skrog ved engineeringsavdelinga i Ulstein Verft. - Slik trafikken er no, må vi vere på ferjeleiet 15-20 minutt før avgang for å vere sikre på å kome med. No blir det mykje friare, det blir enklare å levere i barnehagen og kome seg til jobb i fornuftig tid likevel.

Børulf Lefdal framfor tunnelopninga til Eiksundsambandet.

Tilsvarande historie fortalde dåverande seniorplanleggar Gaute Gaudestad i Ulstein Verft: - Det skal bli godt å kome heim før det blir mørkt, og i det heile å vite at du kjem heim på det tidspunktet du planla. Snart kan eg sove lenger om morgonen og likevel kome på jobb til same tid som før.

Arbeidstida har til no vore sterkt regulert av ferjetrafikken, men den tid er snart forbi. - Det gler eg meg utruleg mykje til, til å cruise på min 1100 Yamaha motorsykkel gjennom tunnelen på veg til arbeid, avslutta Jan Peder Hoggen.

I 2008 var det om lag 40 tilsette i Ulstein som pendlaa dagleg mellom Ørsta/Volda og Ulsteinvik.

Idar Ulstein var ei drivande kraft bak realiseringa av Eiksundsambandet, som bitt Ørsta/Volda saman med Ulsteinregionen. I dag er dottera Gunvor Ulstein styreleiar i Hafast, eit initiativ for å få fastlandssamband mellom Ulsteinregionen og Ålesund.