COSCO-verftet leverer det fjerde PSV-skipet av PX121-design til Vroon

Published

Den 23. august 2016, leverte COSCO-verftet i Guangdong, Kina, plattformforsyningsskipet 'VOS Passion' til Vroon Offshore Services. Etter å ha fullført ISM- og ISPS-revisjonar, drog skipet på jomfruturen sin den 27. august. Skipet er det fjerde i rekka av seks PSV-ar av skipsdesignet PX121 frå Ulstein.

Bileta over viser søsterfartøy til VOS Passion.

VOS Passion er eit plattformforsyningsfartøy av skipsdesignet PX121, og det fjerde av seks slike skip som vert bygde ved COSCO-verftet for det nederlandske reiarlaget Vroon Offshore. Alle skipa er utstyrte med Ulstein sitt X-BOW®-design som gir god komfort for mannskapet og mjukare bevegelsar ved tøffe forhold. Alle seks skipa skal opererast av Vroon Offshore Services.

Plattform forsyningsskipa (PSV) tilfredsstiller ABS sine klassekrav for dynamisk posisjonering klasse II, og har redusert støy og vibrasjonar til å stette klassenotasjonen Comfort Class.

Med ei lengd på 83,4 meter og breidde på 18 meter har skipet 850 kvm dekksareal og ein lastekapasitet (dødvekt) på 4200 tonn.

Skipsdåpen var den 18. juli 2016, og gudmor var Mireille Vroon. som er gift med Vroon sin administrerande direktør Coco Vroon.

Vi ynskjer skipet og mannskapet lukke til med eit nytt skip.

Please contact us for more information

Lars Ståle Skoge, commercial director at Ulstein Design & Solutions AS
Lars Ståle Skoge

Commercial director

Tel: +47 915 81 226

lars.skoge@ulstein.com