Kosteffektiv skipsombygging med standardiserte modular

Published

Høge kostnader med å bygge om eksisterande båtar kan sette ein effektiv stoppar for tilpassing av flåten. Dette kan løysast med ei midlertidig ombygging. Med predefinerte modular kan eit skip på få dagar mobiliserast til anna arbeid, utan å gripe inn i skipsstrukturen. Ved fullført oppdrag, kan modulen lett takast av.

- For eit rederi som vurderer eit tender, kan den høge kostnaden med å måtte ta ei ombygging av eksisterande tonnasje sette ein stoppar for prosjektet. Dette kan løysast ved å gjere ei midlertidig ombygging, seier Runar Muren i Ulstein Design & Solutions AS. Sjå animasjon

Ombygging fullført på ei knapp veke
Førehandsbygde modular som vert sette på skipet gjer at mobilisering kan gjerast unna på få dagar slik at skipet raskt kan kome i arbeid. I løpet av kort tid kan eksempelvis eit plattformforsyningsskip verte ombygd til område som offshorehavvind/hotellskip (alternativ energi), undersjøisk konstruksjon (IMR) og ROV-tenester. Modulane kan bli tilpassa kunden sine særskilte ønske og behov.

Fleksibel og kosteffektiv ombygging
Den korte og effektive ombygginga reduserer liggetida ved verftet, og driftsstans for båten. Fundament til eksempelvis gangveg eller kran ligg i modulen. Modular kan også innehalde ROV-fasilitetar under messanindekket. Det trengst ikkje gjerast omfattande strukturendringar i skroget ved mobilisering, og modular og messanindekket kan lett takast av når oppdraget er ferdig. På den måten kan ein enkelt bygge om skipet til eit anna kortvarig oppdrag seinare, eller gjenskape det som plattformskip dersom det skulle bli aktuelt. For rederi med fleire skip av same design i sin flåte, kan modulane med små justeringar bli gjenbrukte på dei andre skipa i flåten.

- Vi har utvikla ei løysing som er svært kostnadssparande for skipseigarane, seier Runar Muren, og utdjupar dette:

- Konvensjonell ombygging er prosjektbasert med fullt design- og engineeringarbeid. Ved å basere slike ombyggingar på bruk av modular, gir det gevinst i mindre timeomfang og kortare tid frå start til slutt. I tillegg er struktur og integrasjon førebudd før mobiliseringa/ombygginga tek til. ULSTEIN har den styrken at vi har ressursar til å følgje heile livsløpet til eit skip. Som designarar, kan vi stå som prosjekteigar i heile eller delar av ombyggingsprosessen, frå designoppstart til ferdig levert ombygd skip, alt etter kunden sitt ønske. Vi har også eit eige verft, Ulstein Verft, som kan ta på seg ombyggingar, og som har stått for bygginga av fleire av desse eksisterande skipa. At vi òg har alle naudsynte ressursar i selskapet, gjer at vi kan levere slike ombyggingar på ein svært kosteffektiv måte, fortel han.
Ombygginga kan også utførast på andre verft, både i Noreg og i andre land.

Ferdigdefinerte modular
ULSTEIN har i første omgang utvikla ferdigdefinerte modular for eigne skipsdesign av designtypen PX121 og PX105. Med vår kompetanse innan grunnleggande design og detaljdesign kan ein også utvikle ombyggingsmodular til ulike typar skip, både av eigne og eksterne skipsdesign.

Oppgraderingar og modifiseringar

Den nyaste kontrakten vår innan modernisering gjeld oppgraderinga av ekspedisjonscruiseskipet 'Sea Adventurer'. Ei generell oppgradering vil gjere eit eldre fartøy til ei attraktiv ny plattform, medan tekniske oppdateringar kan føre til eit meir karbonvenleg skip.

Ombygging til andre område enn offshore
Med ei meir permanent ombygging, kan skip også byggast om til heilt andre typar skip enn tradisjonell offshore, til dømes ekspedisjonsskip (cruise), yacht eller brønnbåt.

Please contact us for more information

Contacts