Color Line-skipet blant dei nominerte til Next Generation Ship Award

Published

Color Line si nye plug-in hybridferje, som skal byggast ved Ulstein Verft, er eitt av dei fire nominerte skipa til Next Generation Ship Award. Prisen vil bli utdelt 30. mai på Nor-Shipping sin opningsseremoni. Prisen går til det mest lovande skipsdesignet, der graden av innovasjon vert vektlagt.

I følgje juryen bidreg dei nominerte prosjekta til å utvikle den maritime industrien i retning av ei grønare framtid.

I tillegg til Color Line si store hybride plug-in-ferje, femner dei nominerte fartøya om container feeder-skip frå Knud E Hansen, LNG-ready produkt-/kjemikalietankardesignet FKAB 7990 og ombygginga av to dieselferjer, Tycho Brahe og Aurora, til heilelektrisk drift.

- Prisane våre skal synleggjere dei folka og dei prosjekta som greier å løyse nokre av dei mest presserande behov og utfordringar som industrien vår star overfor, kommenterer Birgit Liodden, direktør for Nor-Shipping.
- Kvart av dei nominerte prosjekta demonstrerer evna til innovasjon og viljen til å utvikle ei meir berekraftig framtid.

Prisen vil bli delt ut av HKH kronprins Haakon.

I 2015 gjekk prisen til ULSTEIN X-STERN, ei designløysing som reduserer akselerasjon, stamping og hiv, forbetrar komfort og sikkerheit, og utvidare det operasjonelle vindauget.

Om Nor-Shipping Awards 2017

Next Generation Ship Award: Vert gitt til det skipsprosjektet som kan demonstrere den største utviklinga innan design. Designet vert vurdert ut frå omsyn til energieffektivitet, innovasjon, kor veleigna det er, fleksibilitet, broken av teknologi, sikkerheit og berekraft. Alle skipstypar vert gitt lik vurdering, uavhengig av storleik eller segment.

Please contact us for more information

Ulstein Verft AS

P. O. Box 158,
NO-6067 Ulsteinvik
Norway


Tel: +47 7000 8000

gr@ulstein.com

Trond Skodjevåg Bø, sales manager Ulstein Verft
Trond Skodjevåg Bø

Sales manager

Tel: +47 952 01 043

trond.bo@ulstein.com