Cruiseskip oppgradert til nye ekspedisjonar

Published

Det arktiske ekspedisjonsskipet, "Ocean Adventurer", har vorte modernisert på Ulstein Verft. Alt sentralt hovudutstyr og motorar er skifta ut, lugarane er oppgraderte og kapasiteten til fartøyet er utvida. Arbeidet omfattar engineeringsarbeid frå Ulstein.

Skipet, som tidlegare bar namnet 'Sea Adventurer', vert eigd av Adventurer Partners Ltd og vert drifta av Quark Expeditions.

Quark Expeditions seier at "den nye og forbetra Ocean Adventurer er designa for 132 passasjerar, for komfortable reiser til fjerne mål i verda. Opphavleg bygd i det dåverande Jugoslavia i 1976, har dette kompakte, is-forsterka skipet blitt ein favoritt hos passasjerane. Skipet vart pussa opp i 1999 og 2002, før den større oppgraderinga i 2017. "

- I løpet av ombyggingsprosjektet har vi gjennomført ei rekkje kompliserte operasjonar. Oppussinga av eit 40 år gammalt fartøy er krevjande, då gammalt og nytt skal kombinerast om bord i skipet. Fellesområda er ombygde og moderniserte. Vesentlege tekniske oppgraderingar er gjennomførte, mellom anna installering av nytt hovudutstyr som gir, generator og motorar.

- Vi sette saman tverrfaglege team for å løyse oppgåva. Vi er glade for at vi har ein arbeidsstokk med lang erfaring og mykje kompetanse, slik at vi fekk utført arbeidet på ein god måte, seier verftsdirektør Kristian Sætre.

Det polare ekspedisjonsskipet før oppgraderinga.


Please contact us for more information

Ulstein Verft AS

P. O. Box 158,
NO-6067 Ulsteinvik
Norway

Tel: +47 7000 8000

gr@ulstein.com

Jan Peder Hoggen
Jan Peder Hoggen

Manager service dept

Tel: +47 909 62 279

jan.peder.hoggen@ulstein.com