Offshore Renewables Award til SOV-skipet Windea La Cour

Published

Siemens Wind Power, BS Offshore og Ulstein Group vart tildelte OSJ Offshore Renewables Award 2017 for SOV-skipet 'Windea La Cour'.

Winners of the Offshore Renewables Award.
Winners of the Offshore Renewables Award.

Offshore Renewables Award vert tildelt eit selskap, prosjekt eller produkt som har gitt eit vesentleg bidrag til utviklinga av offshore fornybarmarknaden i løpet av 2016.

'Windea La Cour' blei nominert, og vann, prisen mellom anna på grunn av X-STERN-hekken. Rapportar viser at serviceskip til offshorevindturbinar opererer baklengs minst 50-70 prosent av tida etter at dei har kome fram til vindfarmane. Filmen nedanfor er frå prøveturen til skipet, då eigenskapane ved bakking vart testa.

Skipet vart levert i 2016, og er i arbeid på Gemini offshorevindfeltet i Nederland.


Eit anna Ulstein-designa skip, ALP Striker, var også nominert til ein pris, 'Support Vessel of the Year' Award.