Produksjonsstart på Color Line sitt plug-in hybridskip

Published

Fredag 14. juli var det brennestart av Ulstein Verft sitt byggnummer 311, plug-in hybdridferja til Color Line. Det var SVP Marine & Technical, Jan Helge Pile, i Color Line som stod for brennestarten, som markerer produksjonsstart av skipsbyggingsprosjektet. Ferja skal vere ferdigbygd i 2019.

Brennestarten gjekk føre seg ved skrogverftet Crist i Polen, og markerer starten på eit spennande byggeprosjekt.

Color Line fekk tilslaget frå Sandefjord kommune for ei ny ferje som skal trafikkere Sandefjord-Strömstad, var det fordi dei kunne vise til den mest miljøvenlege løysinga. Ferja kan slå over til batteridrift når ho kjem til innløpet til Sandefjordsfjorden, og kan køyre heile vegen innover fjorden med svært lite støy og utan utslepp av NOx, SOx eller klimagassar.

Til stades ved brennestarten var representantar frå Ulstein Verft og Crist, klasseselskapet DNV-GL og Color Line, ved Jan Helge Pile.

I eit skipsbyggingsprosjekt markerer ein ulike milepælar frå kontrakt vert signert og til skipet vert levert. Den første milepælen er brennestarten, medan den neste er den såkalla kjølstrekken. Dette vil skje i løpet av hausten.

Foto: Det var SVP i Color Line, Jan Helge Pile, som trykte på startknappen på brennemaskina.


Please contact us for more information

Ulstein Verft AS

P. O. Box 158,
NO-6067 Ulsteinvik
Norway

Tel: +47 7000 8000

gr@ulstein.com