Service på skip nummer sju

Published


I mars 2017 avslutta Ulstein Verft eit ettermarknadsoppdrag på det sjuande skipet til då i år, og det åttande og niande stod for tur til å bli dokka inn. Sjølv om den norske offshoreindustrien er i ferd med å omstille seg til andre område, er det likevel høg aktivitet innan service og ettermarknad på eksisterande skip.

Kontakt oss

- Vi har eit jamt trykk på ettermarknadstenester, stadfestar servicesjef Jan Peder Hoggen ved Ulstein Verft. Saman med kollega ved avdelinga, Kjell Ove Mork, er han ute i verftet sin dokkhall for å sjå på framdrifta til arbeidet på eit ankerhandteringsskip som er inne til ti-årsklassing.

Vi følgjer heile prosessen
- Ulstein sin styrke er at vi har kompetanse på design, detaljdesign, kraft og kontroll og produksjon i eitt konsern. Vi både installerer og testar komponentar og system. Verftet har ei dyktig teknisk avdeling, som kan utføre engineeringsarbeid ved større reparasjonar og oppgraderingar, og vi er difor godt posisjonerte til å ta på oss ettermarknadsarbeid, seier han.

Dokkhall
- Alle skip må inn til klassing med jamne mellomrom, og dette inneber tenester som kontroll av montert utstyr, reingjering og maling. Andre skip kjem for å bli mobiliserte til nye oppdrag. Vi har ein overbygd dokkhall der vi kan utføre oppdrag i all slags ver, noko som sikrar sluttkvaliteten mellom anna på malingsarbeid.

Ytre dokk
Vi har også ei ytre dokk, og dimensjonane er slik at vi kan ha ulike skip inne i dokkhallen og i ytre dokk samtidig. Eitt av dei større ombyggingsoppdraga i dokkhallen i 2017 er ei oppgradering av eit ekspedisjonscruiseskip. Då har vi likevel kapasitet i ytre dokk til å gjere service på andre skip, fortel Hoggen.

Lekter og mobilkrantenester
Avdelinga har også ein lekter og ei stor mobilkran som vert nytta i eit stort geografisk område utanfor Ulstein Verft. Ein av jobbane i år er å frakte vinsjepakkar frå IP Huse på Harøya til ein ekstern oppdragsgjevar.

Andre tenester
Avdelinga utfører også oppdrag utanfor verftet, og arbeider mellom anna om bord på skip i opplag for å førebu dei til nytt arbeid.
Ulstein Verft tilbyr også andre tenester, mellom anna har verftet eit slepefeste der skip kan teste slepekraft. Eit bølgjekraftverk som har vore inne til reparasjon og oppgradering, er no plassert ut på nytt utanfor fugleøya Runde.

Please contact us for more information

Ulstein Verft AS

P. O. Box 158,
NO-6067 Ulsteinvik
Norway

Tel: +47 7000 8000

gr@ulstein.com

Jan Peder Hoggen
Jan Peder Hoggen

Manager service dept

Tel: +47 909 62 279

jan.peder.hoggen@ulstein.com