Signerte kontrakt på bygginga av verdas største plug-in hybridskip

Published


Color Line og Ulstein Verft signerte 17. februar kontrakt om bygging av verdas største plug-in hybridskip. Den miljøvennlege ferja skal settast inn i trafikk på strekninga Sandefjord – Strömstad frå sommarsesongen 2019. Ulstein vann kontrakten i konkurranse med fleire andre verft.

- Det er svært gledeleg at norsk verftsindustri har vist seg internasjonalt konkurransedyktig og at Color Line bidreg til ei vidareutvikling av norsk maritim næring, seier konsernsjef Trond Kleivdal i Color Line.

- Dette er ein viktig milepæl for oss, og vi ser fram til det vidare samarbeidet med Color Line, seier konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group.

Som følgje av denne kontrakten, og den nylege kontrakten på eit offshorevindskip for Acta, har Ulstein Verft kunna henta inn att permitterte ingeniørar. Teknisk avdeling i verftet er no fullt bemanna.

Grøn teknologi

Color Line sin miljøstrategi pregar reiarlaget sine satsingar. Fartøyet tek i bruk nye løysingar for å redusere støy og utslepp. Ferja blir ein plug-in hybrid, der batteria vert ladda gjennom ein straumkabel med miljøvennleg straum frå landstraumanlegg i hamna eller ladda om bord frå skipsgeneratorane. Med landstraum i Sandefjord vil alle norske hamner som vert trafikkerte av Color Line ha landstraumanlegg. Skipet vil ha full batteridrift inn og ut fjorden til Sandefjord indre hamn, og skipet vil derfor ikkje gi utslepp til luft av skadelege miljøgassar eller nitrogen- og svovelforbindelsar i dette området.

Det 160 meter lange skipet, med arbeidsnamnet «Color Hybrid», kan ta med 2 000 passasjerar og 500 bilar. Det vil ha nesten dobbel kapasitet som «M/S Bohus», som etter planen skal fasast ut når den nye ferja skal verte sett i drift sommaren 2019. Skipet vil gi vesentleg auka kapasitet på strekninga mellom Noreg og Sverige, og vil representere eit utvida og forbetra servicetilbod om bord og dermed ei ny og betre reiseoppleving.

Det nye skipet vil bli bygd til norsk flagg og bli registrert i Norsk Ordinært Skipsregister (NOR). Color Line er i dag det einaste reiarlaget i den internasjonale passasjer- og godstrafikken til og frå Noreg med skip i norsk skipsregister og med norsk hovudkontor.

Den totale sysselsettingseffekten av bygginga representerer om lag 950 årsverk, i følge ei analyse utarbeidd av MENON.

Fakta om skipet

Skipstype: Plug-in hybridferje
For bygging ved Ulstein Verft AS
Tal passasjerar: 2,000 / Tal mannskap: 100
Tal bilar: 500
Ytre mål: Lengde 160 m, breidde 27.1 m, djupgåande 6.0 m

Brennestart: juli 2017
Levering: mai 2019

Please contact us for more information

Ulstein Verft AS

P. O. Box 158,
NO-6067 Ulsteinvik
Norway


Tel: +47 7000 8000

gr@ulstein.com

Contacts