Ulstein skriv intensjonsavtale for ekspedisjonscruiseskip

Published

Ulstein Verft har inngått ein intensjonsavtale (LOI) for bygging av eitt eller fleire ekspedisjonscruiseskip for ein ikkje namngitt kunde.

Desse ekspedisjonsskipa vil bli eineståande i marknaden. Med fasilitetar i verdsklasse og ei polar tilpassing av skipet som overgår alt ein har sett før, vil dei reisande få ekspedisjonsopplevingar utanom det vanlege. Det er på same tid arbeidd for å minimere miljøpåverknaden og å optmialisere driftskostnadene.

- Vi har arbeidd strategisk og målretta dei siste åra for å komme inn i ekspedisjonscruisemarknaden. Denne intensjonsavtalen viser at vi er i ferd med å stadfeste posisjonen vår i denne marknaden. Vi er veldig glade for å ha blitt valt som partnar i dette spennande prosjektet, og vi ser fram til å gjere dette prosjektet om til verkelegheit, seier konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group.

Fartøya vil bli designa av Ulstein Design & Solutions AS, og har det særmerkte skrogdesignet X-BOW®.

Det har vore lagt vekt på å utvikle ein trygg og komfortabel plattform, med miljøvenlege og berekraftige løysingar. Det er også arbeidd for at passasjerane skal ha best mogleg utsikt medan ferda går gjennom nokre av dei mest spektakulære områda på kloden. Fartøya vil overgå dei seinaste lovkrava til å ta med passasjerar til arktiske og antarktiske farvatn.

Signeringa av avtalen representerer eit viktig steg for å kunne realisere desse framtidige ekspedisjonsfartøya til marknaden.

- Samarbeidet har vore veldig bra, og vi ser fram til å realisere dette prosjektet saman med alle involverte partar. Den 100-årige tradisjonen og erfaringane våre frå å byggje og utvikle skip vil vere til stor fordel for kunden, seier administrerande direktør Kristian Sætre i Ulstein Verft.

Please contact us for more information

Ulstein Verft AS

P. O. Box 158,
NO-6067 Ulsteinvik
Norway


Tel: +47 7000 8000

gr@ulstein.com