Heavy lift-området deltek i vegprosjektet Loftesnesbrui

Published

Statens vegvesen sitt prosjekt ‘Loftesnesbrui’ i Sogndal kommune er eit omfattande prosjekt der ei ny bru erstattar ei eldre bru, og vegsystemet vert lagt om. K.A. Aurstad og PORR Norge har hovudentreprisa. Kranarbeidet og nedtakinga av gamlebrua var det Ulstein Verft som utførte.

Gamlebrua over Loftenessundet vart bygd i 1958. Den klinka brua stod på trepålar, og var altfor smal for dagens standard. Ulstein Verft si serviceavdeling fekk arbeidet med nedmonteringa av brua.

- Riving av brua skal vera ein grei jobb å utføra, men det må utførast varsamt der den gamle brua kjem inn mot den nye, fortalde prosjektleiar i Statens vegvesen, Gunnar Solbakken, før rivinga tok til.

Då den nye brua opna 30. november 2017, kunne rivinga av den gamle ta til. Tungløftsavdelinga til Ulstein stilte med ein lekter, multiwheeler og ei stor mobilkran.

- Brua vart kutta opp i mindre delar på opp til 120 tonn, som vi plukka ned med krana og løfta på land. Fundamenta i sjøen vart også fjerna. Mobilkrana vår kan løfte opp til 400 tonn når den står på lekteren, så dette var eit heilt greitt oppdrag for oss, seier Jostein Sørnes, som er ansvarleg for tungløftsarbeidet i Ulstein Verft.

- Største utfordringa var seglingshøgda på nye Loftesnesbrua. Når vi reiser med lekteren er krana vår nedmontert, likevel er seglingshøgda vår 21 meter, medan seglingshøgda under brua er 10 meter. Vi måtte difor demontere heile krana fullstendig, og då greidde vi å passere under brua utan vanskar.

- Fem mann frå Ulstein var i arbeid med dette oppdraget i om lag ein månad, eit stort oppdrag som omfatta heile avdelinga. Det stoppar ikkje med dette: - Oppdraga våre er etterspurte. Vi returnerte frå Sogndal denne veka, og skal no rett vidare på neste oppdrag. Vi opererer langs heile kysten av Noreg, og kan også gjere arbeid i utlandet.


Vi løftar deg til nye høgder

Les meir om kranløft, transport og prosjektering

Please contact us for more information

Ulstein Verft AS

P. O. Box 158,
NO-6067 Ulsteinvik
Norway

Tel: +47 7000 8000

gr@ulstein.com

Jostein Sornes
Jostein Sørnes

Section leader Heavy Lift/NDT operator

Tel: +47 992 51 705

jostein.sornes@ulstein.com