Kick-off for ‘Color Hybrid’-prosjektet

Published

Torsdag 15. november markerte Color Line og Ulstein Verft oppstarten på arbeidet på verdas største plug-in hybridskip, ‘Color Hybrid’. Skroget kom nyleg fram til verftet, der fleire hundre arbeidarar no står på for å få skipet ferdig til sommarsesongen.

‘Color Hybrid’ er eit godt eksempel på samspelet i den norske maritime klynga. Color Line valte eit norsk verft for byggeprosjektet. Vidare har verftet skrive kontrakt med ei rekkje underleverandørar, om lag 70 prosent av desse er norske.


Éin arbeidsplass på eit skipsverft genererer fem andre

Ringverknadene for leverandørane er store når eit skipsbyggingsprosjekt vert plassert på eit norsk verft. Om lag 100 norske leverandørar er involverte i ‘Color Hybrid’-prosjektet, og fleire av desse var til stades på markeringa torsdag.

- Vilje og evne til omstilling har vore ein viktig drivar i utviklinga av selskapet. Om vel eit halvt år vil dette praktfulle skroget framstå som eit flaggskip for miljø og innovasjon for heile den maritime næringa i Noreg, sa konsernsjef Trond Kleivdal i Color Line under kick-off på Ulstein Verft.

- Når Color Line vel Ulstein Verft til bygginga av Color Hybrid, gir det store ringverknader for underleverandørar og samarbeidspartnarar regionalt og nasjonalt. Berre på Ulstein Verft vil 400-500 personar vere involverte i dette prosjektet. Kvar arbeidsplass i verftsindustrien genererer meir enn fem arbeidsplassar i privat og offentleg sektor, noko som igjen skapar grunnlaget for ein levedyktig region, og ikkje minst gir betydelege skatteinntekter for stat og kommunar, understreka konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group.

Konsernsjef i Ulstein, Gunvor Ulstein, konsernsjef Trond Kleivdal i Color Line og konserndirektør teknisk maritim drift i Color Line, Jan Helge Pile ved 'Color Hybrid', foto Nanseth Media.
Konsernsjef i Ulstein, Gunvor Ulstein, konsernsjef Trond Kleivdal i Color Line og konserndirektør teknisk maritim drift i Color Line, Jan Helge Pile ved 'Color Hybrid', foto Nanseth Media.

Prisløna for innovasjon og berekraft

‘Color Hybrid’ skal settast i teneste på strekninga Sandefjord-Strömstad frå sommaren 2019. Allereie før skipet er bygd, har det rukke å verte prisløna. Ved opningsseremonien til Nor-Shipping sommaren 2017, vart skipet kåra til vinnar av ‘Next Generation Ship Award’. Med fokus på innovasjon, heidra prisen det mest lovande designet på skip som skal sjøsettast det kommende tiåret. I følge juryen vitnar løysingane i skipet om innovasjon og ein ambisjon som leier den maritime næringa vidare til ei grønare, meir lønsam og meir berekraftig framtid.

‘Color Hybrid’ er eit plug-in hybrid-skip. Det inneber at skipet slår over på batteri når det kjem til innløpet av Sandefjordsfjorden. Det går på batteri heile vegen inn fjorden, utan støy eller forureinande utslepp. I Sandefjord hamn har reiarlaget installert landstraum som laddar batteria med berekraftig straum frå norsk vasskraft.



Helge Orten er leiar i Mørebenken på Stortinget, og også leiar av transport- og kommunikasjonskomiteen. - Dette er ein stor dag for oss som jobbar med transport. Eg vil heidre desse modige aktørane som har tort å ta modige beslutningar, som styrkar den maritime klynga. Det er vel ikkje tilfeldig at kontrakten hamna i Ulsteinvik, i kjernen av den maritime klynga på Nordvestlandet. Noreg er ein sterk sjøfartsnasjon, med ein leiande posisjon på å utvikle miljøvenlege fartøy. Med ei slik omstillingsevne, vil det kunne bli skapt mange nye spennande arbeidsplassar knytt til grøn skipsfart, sa Orten.

Fakta om skipet

‘Color Hybrid’ vert bygd av Ulstein Verft, og er designa av Fosen Yard. Det har rom for 2000 passasjerar og 500 bilar.


Please contact us for more information

Ulstein Verft AS

P. O. Box 158
NO-6067 Ulsteinvik
Norway


Tel: +47 7000 8000

gr@ulstein.com