Ny kontrakt til Ulstein

Published

Ulstein Verft har inngått ein byggjekontrakt med tyske Bernhard Schulte på eit serviceoperasjonsskip (SOV) av type ULSTEIN SX195 design, utvikla av Ulstein Design & Solutions.

Fartøyet skal støtte opp under vedlikehaldsarbeidet som GE Renewable Energy har på den tyske vindfarmen Merkur Offshore. Prosjektet er utvikla i samarbeid med WINDEA Offshore, som er Bernhard Schulte sin partnar på offshorevindprosjekt.- Ulstein Verft er eit svært påliteleg verft og vi gler oss til å samarbeide med ULSTEIN igjen. Vi har jobba tett og godt saman på to tidlegare prosjekt og begge disse fartøya fungerer svært godt i operasjon, seier Matthias Müller, administrerande direktør i Bernhard Schulte Offshore GmbH.

- Vi har tidlegare designa og bygd fleire skip innan fornybar energi. Berekraftig vekst er svært viktig for oss og vi ser fram til å jobbe saman med Bernhard Schulte, som er ein viktig aktør innan dette feltet, seier konsernsjef i Ulstein Group, Gunvor Ulstein.

- Dette blir vårt tredje serviceoperasjonsskip til Bernhard Schulte og det skal leverast tidleg i 2020. Dei to første blei levert i 2016 og 2017. Vi skal gjere vårt beste for å oppfylle forventningane deira også denne gangen, kommenterer administrerande direktør Kristian Sætre i Ulstein Verft.

Fartøyet er av typen SX195 design, utvikla av UDS over tid, er modifisert for å oppfylle spesielle krav i GE Renewable Energy-tenderet og skipseigaren sine ulike val av utstyr. Det har ei stor og sentralt plassert W2W-rørslekompensert gangveg og tårnheis for overføring av personell og last til vindturbinane. Vidare er der også ei 3D-kompensert kran som kan løfte opp til 2 tonn. Det drivstoffeffektive skipet har godt planlagt logistikk om bord, med stor lagerkapasitet, der halvparten er under tak i eit kontrollert miljø, og med trinnlaus overgang til offshore-installasjonane. Hovudutstyret er plassert i aktre enden av skipet og arbeidsoperasjonane skjer herifrå. Det vil då vere naturleg å halde skipet med aktre enden, X-STERN® , mot veret. Dette reduserer slag, støy og vibrasjonar, noko som gir god søvn og betre kvile.

SX195-designet, eit skip som måler 93,4 meter i lengde og 18 meter i breidda, er optimalisert for offshorevind. Skipet har innreiing for 120 personar. Fasilitetane om bord er moderne og av høg kvalitet. Dette skipsdesignet er fleksibelt og attraktivt for arbeid innan område som O&M (drift og vedlikehald) eller som konstruksjonsstøtte, og særleg ved forhold der veret og sjøen er utfordrande.