'Seven Viking' ombygd med batteri

Published

Etter fem år i arbeid vert det dieselelektriske subseaskipet Seven Viking, bygg 285 frå Ulstein Verft, ombygd til batterihybrid. Fleire servicepersonar frå Ulstein har vore om bord for å bygge om tavle, gjere endringar av kraftstyringa og av ULSTEIN IAS™.

Darko Skaron, Vegard Djupvik og Kristian Yksnøy om bord i Seven Viking under prøvetur etter ombygginga av tavla for å kunne handtere den nye hybride løysinga.
Darko Skaron, Vegard Djupvik og Kristian Yksnøy om bord i Seven Viking under prøvetur etter ombygginga av tavla for å kunne handtere den nye hybride løysinga.

Batteripakka vert levert av Westcon, og ombygginga skal vere ferdig før fartøyet går på kontrakt med Equinor på nyåret.

- Ombygging til hybridfartøy har vist seg å gi svært gode resultat i form av betre driftsøkonomi og sikkerheit, seier prosjektleiar frå Ulstein, Steinar Røsberg. - Vi merkar aukande interesse blant ulike reiarlag som vil ta i bruk ny teknologi som kan gjere skipa tryggare og meir effektive.

ULSTEIN IAS™ er eit integrert automasjonssystem.
ULSTEIN IAS™ er eit integrert automasjonssystem.

Seven Viking vart levert frå Ulstein Verft i 2013, og er no inne på sin andre fem-årskontrakt for Equinor. Kontrakten er på IMR-arbeid (inspeksjon, vedlikehald og reparasjonar) på den norske kontinentalsokkelen. Offshoreaktivitetane tek til i januar 2019.

Please contact us for more information

Per Einar Moldskred

Manager service dept, Ulstein Power & Control

Tel: +47 977 92 121

per.einar.moldskred@ulstein.com