Ulstein Verft i gong med utrustinga av DP2-havvindskipet Acta Centaurus

Published


Ulstein Verft er no i ferd med å utruste sitt andre walk-to-work konstruksjonsstøttefartøy til havvindindustrien for Acta Marine. Acta Centaurus, av designtypen ULSTEIN SX195, vil i løpet av dei komande månadene bli utrusta, kommisjonert og utførleg testa.

Design- og engineeringsarbeidet har pågått lenge, og no kan endeleg utrustinga av skipet ta til.

Ved levering ved starten av andre kvartal 2019, vil Acta Centaurus, saman med Acta Auriga og Acta Orien, utgjere det tredje fartøyet I Acta Marine sin flåte som vil vere dedikert til walk-to-work, offshorelogistikk og overnattingstenester for ulike kundar innan offshore-fornybar og offshore-energibransjen.

Acta Centaurus har:

- Sikker og trinnlaus person- og lastoverføring med rørslekompensert gangveg opp til 3 meter signifikant bølgjehøgde

- 3D-rørslekompensert knekkbomkran for 6 tonns lastehandtering i sjøforhold opp til 2,5 meter signifikant bølgjehøgde

- Optimal skrogform med ULSTEIN X-BOW® og ULSTEIN X-STERN® for å kunne arbeide under ugunstige vêrforhold

- Toppmoderne hotellfasilitetar for inn til 120 personar

- 1000 kvadratmeters dekksplass for lastlagring

- helikopterdekk

Acta Marine har ein allsidig flåte på over 40 fartøy. Det familiedrive selskapet starta verksemda i 1970.

Ulstein Group er eit familiedrive selskap etablert i 1917, og er spesialisert på skipdesign, skipsbygging, system og tenester for den maritime marknaden. Selskapet har hovudkontor i Ulsteinvik.


Please contact us for more information

Contacts

Companies