Van Oord markerer 150 årsjubileum med dåp av SRI-skipet 'Bravenes'

Published

Det siste tilskotet til Van Oord sin flåte blei avduka 21. mai. Steininstallasjonsfartøyet 'Bravenes', designa av Ulstein Design & Solutions B.V, blei døypt av Yvon van Oord-Barbier. Eit såkalla SRI-fartøy stabiliserer og beskyttar undervassledningar, kablar og andre konstruksjonar på djup ned til 1500 meter.

SRI står for subsea rock installation. Dette er det første fullintegrerte skipdesignet der dei nederlandske Ulstein-selskapa har vore ansvarlege for utvikling og integrering av både operasjonelt utstyr og fartøydesign, I tett samarbeid med reiarlaget. Skipet er det tredje SRI-skipet i Van Oord-flåten.

Van Oord investerer i innovative teknikkar og ultramoderne utstyr som ‘Bravenes’ for å oppretthalde sin leiande posisjon i denne nisjemarknaden. ‘Bravenes’ er eit innovativt fartøy i si klasse på grunn av si unike evne til å installere stein på tre forskjellige måtar. ‘Bravenes’ kan installere stein gjennom eit fallrør sett inn gjennom moonpoolen, gjennom eit fallrør over skipssida, og gjennom eit tremie-rør over skipssida. Med den sistnemnde metoden kan skipet også utføre undersjøisk steininstallasjon i nærheita av offshore-plattformer. Kombinert med kapasiteten til å laste og installere stor stein, gjer Bravenes godt eigna til havvind- og kabelmarknadene.

'Bravenes' er utstyrt med dei nyaste innovasjonane for å forbedre fartøyet sin sikkerheit og effektivitet, mellom anna eit heilautomatisk fallrørlaste- og transportsystem.

- ‘Bravenes’ gjer at Van Oord kan oppretthalde sin leiande posisjon i denne marknaden, seier Maurits den Broeder, Van Oord sin administrerande direktør på offshore.

Prosjekt

‘Bravenes’ legg no kursen til Noreg for å jobbe med ulike Nordsjøprosjekt. Frå midten av juli vil skipet utføre stabiliseringsoperasjonar for Nord Stream 2, gassrøret som strekker seg frå Russland til Tyskland.

Om Van Oord

Van Oord er eit nederlandsk, familieeigd selskap med 150 års erfaring. Fokus er innan mudring, infrastruktur til olje og gass, og havvind.

Please contact us for more information

Ulstein Design & Solutions B.V.

Cornerstone Building (6th floor)
Rotterdam Airportplein 32
3045 AP Rotterdam
The Netherlands

Tel: +31 10 475 00 11

udsbv.info@ulstein.com

Marketing and sales manager Nick Wessels
Nick Wessels

Marketing & sales manager

Tel: +31 620 43 0465

nick.wessels@ulstein.com