Alfa Lift - smart design for havvindinstallasjonar

Published

Updated


Ulstein har skipsløysingar for alle fasane i utviklinga av havvindfarmar. Ei av desse løysingane er det kundetilpassa installasjonsfartøyet 'Seaway Alfa Lift’. Det er spesialdesigna for å installere havvindfundament i den tidlege utviklingsfasen av ein havvindfarm. Det første oppdraget vert på Dogger Bank Wind Farm.


'Seaway Alfa Lift' skal transportere fundamenta til monopålane og overgangsstykka til Dogger Bank, meir enn 130 km utanfor nordaustkysten av England, og installere dei i vassdjupner på over 35 meter. Til dette nyttar skipet si eiga 3000-tonns kran, spesialtilpassa utstyr og ei smart dekkshandteringssystem.

Ulstein har bakgrunn frå offshore olje- og gassindustrien, med design og bygging av skip for arbeid i nokre av verdas tøffaste område og for svært krevjande operasjonar, og har vorte ein leiande aktør innan den veksande havvindindustrien. For å kunne bidra til å redusere LCOE (Levelised Cost of Energy) i framtidige havvindprosjekt, er det avgjerande med kunnskapar om korleis ein best kan integrere dei tekniske, driftsmessige og kommersielle aspekta i fartøydesigna. Nye havvindparkar vert etablerte lenger frå land, i grovare sjø og på djupare vatn. Dette aukar behovet for høgare lasteevne, komfort og stor innreiing, fartøyet sin fleksibilitet og driftssikkerheit.

Les korleis X-STERN® verkar inn på arbeidet i eit serviceoperasjonsskip: The wind farm rocker

Heile spekteret innan skip for havvindindustrien

Det vert stilt endå større krav til skipa sin kapasitet og yteevne når utviklinga i energiproduksjon frå havvind går i retning av større turbinar og djupare vatn. Både for fartøy som vert brukte til kartlegging eller tilrettelegging av havbotnen, installasjonsfartøy, service- og driftsfartøy og kabelleggingsfartøy, er det ein generell trend at fartøya vert større og dyrare. Ulstein sitt ‘Alfa Lift’-design er eit tilsvar til denne trenden. Ut frå Archimedes sitt prinsipp kan designet gi høgare yting enn eksisterande fartøydesign utan at det går ut over den økonomiske innteninga i operasjonane.


Kvifor er Alfa Lift eit eksepsjonelt skip?

'Seaway Alfa Lift'-fartøyet skal med sine 48 0000 dødvekttonn frakte og installere fundamenta til havvindfarmar. Fleksibiliteten som ligg i designet opnar for moglegheita til å utføre tungtransport, installasjons- og avviklingsaktivitetar i andre marknader. Fartøyet er heilt spesielt ved at det sjølv kan utføre tunge kranløft med hovuddekket nedsenka. Det er gjort tiltak for å redusere skipet sin miljøpåverknad. Skipet har ei batteripakke som bidreg til å redusere det totale drivstofforbruket og utsleppa. I tillegg har skipet avgassrensesystem, og motorane er i samsvar med IMO sine Tier III-krav, som inneber reduksjon i NOx-utslepp.

Fartøyet sin kapasitet er i samsvar med framtida sine krav til havvindindustrien. Det kan transportere og installere opp til ti fundament, kvart av dei på 1500 tonn, eller elleve vindturbintårn, kvart på 2000 tonn, og tilhøyrande overgangsstykke for dei største forventa framtidige vindturbingeneratorane. Fartøyet er for tida under bygging på CMHI-verftet i Kina.

Andre havvind-referansar

Ulstein har utvikla fleire andre fartøy for havvind, desse inkluderer mellom andre steininstallasjonsskip for GLDD, Van Oord (Bravenes) og Tideway/DEME (Flinstone). I tillegg er fleire serviceoperasjonsskip kontraherte av eller er i arbeid for BS Offshore, Acta Marine og Seaway 7. Ulstein Verft har også nyleg bygd kabelleggingsskipet Nexans Aurora. Våre første TWIN X-STERN-design vil bli realiserte gjennom ein kontrakt med Acta Marine, denne inneber også metanol-drift.

Please contact us for more information

Ulstein Design & Solutions B.V.

Cornerstone Building (6th floor)
Rotterdam Airportplein 32
3045 AP Rotterdam
The Netherlands

Tel: +31 10 475 00 11

udsbv.info@ulstein.com

Marketing and sales manager Nick Wessels
Nick Wessels

Marketing & sales manager

Tel: +31 620 43 0465

nick.wessels@ulstein.com