Color Hybrid på sjøen

Published


På sjøsettinga av Color Hybrid ved Ulstein Verft søndagen før påske var site teamet frå Color Line ivrige etter å få sjå skipet i sitt rette element. Plug-in hybridferja skal trafikkere sambandet Sandefjord-Strömstad.

 Color Line-teamet til stades ved sjøsettinga. (Foto: Per Eide Studio)
Color Line-teamet til stades ved sjøsettinga. (Foto: Per Eide Studio)

Fleire hundre verftsarbeidarar, innan fleire fagområde, jobbar no saman med Color Line sitt team for å fullføre fartøyet før ho vert sett i teneste mellom Sandefjord og Strömstad.

RoPax-fartøyet er 160 meter langt og 27,1 meter breitt. Ho har kapasitet til 2000 passasjerar og 500 bilar.

Color Hybrid glir sakte ut frå dokkhallen. (Foto: Per Eide Studio)
Color Hybrid glir sakte ut frå dokkhallen. (Foto: Per Eide Studio)

Plug-in hybridfartøyet kan gå over til batteridrift på delar av reisa. I denne driftsmodusen har ho svært lave støynivå, eit nivå som kan samanliknast med vanleg samtale, og utan skadelege utslipp. Batteria vert ladda opp med landstraum i Sandefjord, basert på norsk vasskraft.

Fartøyet i friluft, klart til å bli posisjonert ved kai. (Foto: Per Eide Studio)
Fartøyet i friluft, klart til å bli posisjonert ved kai. (Foto: Per Eide Studio)


Please contact us for more information

Ulstein Verft AS

P. O. Box 158
NO-6067 Ulsteinvik
Norway


Tel: +47 7000 8000

gr@ulstein.com