​Ei ny reiseoppleving på Color Hybrid

Published


'Color Hybrid' nærmar seg ferdigstilling, og interiørillustrasjonane gir eit innblikk i korleis fartøyet vil ta seg ut når det tek til i arbeid. Fartøyet vil gi ei god reiseoppleving og sette ein ny standard for komfort.

Shopping- og servicetilboda er varierte med store butikkar, og der er tre kafear og restaurantalternativ med eit rikt utval mat og drikke.

Grøn tankegang

Fartøyet er basert på ein grøn tankegang, med mellom anna nullutslepp på delar av reisa. Fleire andre implementeringar, små og store, gjer dette til eit fartøy som lever opp til ein grøn standard. Ein slik installasjon er eit drivhus på dekk, drive av spillvarme, for å produsere urter og grønsaker til serveringa om bord.

Passasjerar som særleg er opptekne av sjøen vil truleg søke seg til aktre bruvinge som har blitt nøye utforma for passasjerane. Eit glasgolv gjer at gjestane vil kunne følgje bølgjene og skipet si rytme ved å sjå direkte ned i open sjø.

Oppstart i 2019

Color Line har starta opp billettsalet for dei første turane på "Color Hybrid", som skal gå på strekninga Sandefjord – Strömstad.

70 prosent av leverandørane til Color Hybrid er baserte i den norske klynga, blant dei leverandøren av desse stolane.
70 prosent av leverandørane til Color Hybrid er baserte i den norske klynga, blant dei leverandøren av desse stolane.

Please contact us for more information

Ulstein Verft AS

P. O. Box 158,
NO-6067 Ulsteinvik
Norway


Tel: +47 7000 8000

gr@ulstein.com

Contacts