Endringar i verftsleiinga og på innkjøp

Published

Lars Lühr Olsen er tilsett som ny administrerande direktør i Ulstein Verft. Inge Sleipnes er tilsett som innkjøpsdirektør i Ulstein Group.

Lars Lühr Olsen kjem frå stillinga som innkjøpsdirektør i konsernet. Han har tidlegare vore viseadministrerande direktør ved Ulstein Verft og leia shippingaktiviteten i konsernet. Han har over 20 års fartstid i Ulstein og har bakgrunn som siviløkonom og maskinist.

Inge Sleipnes er tilsett som innkjøpsdirektør i Ulstein Group etter Lars Lühr Olsen. Inge har bakgrunn frå teknisk fagskule og er utdanna elektrikar. Han kom til Ulstein første gong som lærling midt på 1990-talet, og har seinare hatt fleire ulike roller, sist som assisterande innkjøpsdirektør.

Please contact us for more information

Contacts