Frakta fiskebåt til Kleven
Kleven inngjekk nyleg ein kontrakt med Nordnes om å byggje om trål-/snurrevadskipet 'Nordbas', Forskipet vart frakta frå Solstrand Verft, Tomrefjord, til Kleven i Ulsteinvik ved hjelp av lekteren og dei to multiwheelarane frå Ulstein si tungløftsavdeling.
Då Kleven i september 2019 skreiv avtale med reiarlaget NordnesGruppen på ombygging av eit trål-/snurrevadfartøy, var det tungløftsavdelinga i Ulstein som fekk oppdraget med å frakte skroget til Kleven i Ulsteinvik.
Tungløftsavdelinga til Ulstein Verft disponerer to multiwheelerar av typen Goldhofer SPMT (self-propelled module transporters) for å kunne flytte tyngre kolli. Desse vert typisk frakta på vår 'Flex' lekter saman med mobilkrana vår på oppdrag langs kysten.
