Framtida innan havvind

Published


Når ein snart tek til med å installere 12MW-vindturbinar til havs vil kapasiteten til dagens tredjegenerasjons vindturbin-installasjonsfartøy bli pressa til sine yttergrenser. Ein ny generasjon jack-up fartøy trengst til framtidas havvindindustri.

Korleis kan ein utvikle ein effektiv jack-up med ei sunn økonomisk levetid i havvindindustrien som no utviklar seg raskt?
Vi har brei erfaring innan tungløftsdesign, som vi i kombinasjon med forretningsanalysar brukar til å utvikle dei beste løysingane for kundane våre.

Utviklinga av vindturbininstallasjonsfartøy

Etter dei første åra med havvind tok andregenerasjonen jack-up-skip til å arbeide i 2010. Desse var spesialkonstruerte for vindturbininstallasjonar. Dei var tiltenkte å jobbe som vindinstallasjonsskip i fleire tiår, men innan få år vart skipa innhenta av den raske veksten av havvindturbinar. Nokre av skipa vart oppgraderte til å kunne handtere dei høgare løftehøgdene for dagens 8MW-turbinar, men den hurtige veksten i turbinstorleik gjorde at desse andregenerasjonsfartøya snart vart mindre effektive.

Første til fjerde generasjons havvindinstallasjonsfartøy.
Første til fjerde generasjons havvindinstallasjonsfartøy.

Rundt 2015 blei den tredje generasjonen av jack-up-skip operative som eit tilsvar på veksten i vindturbinstorleik. Sjølv om desse fartøya passar godt til dagens vindturbinar, vil dei bli hardt prøvde når dei nye 12MW-turbinane er forventa å kome i 2022. Som dei tidlegare jack-up-generasjonane ser det ut til at den levedyktige økonomiske levetida deira igjen vert redusert til berre eit tiår, i staden for 25 år, som hadde vore meir naturleg.

Nyleg kunngjorde Jan de Nul bygginga av det som kan reknast som det første jack-up-skipet av fjerdegenerasjonen, 'Voltaire'. Storleiken og løftekapasiteten gjer at skipet vil kunne installere dei nye 12 MW-vindturbinane og ser ut til å vere klar for den forventa vidare veksten i turbinstorleik i det komande tiåret.

Den store utfordringa ligg i korleis ein kan treffe rett når ein designar neste generasjon jack-up. Ved å gjere skipet berre litt større enn den noverande generasjonen, kan det vere forelda i løpet av få år. Ved å gjere det for stort kan det hende at skipet aldri vert konkurransedyktig i marknaden. Så korleis kan ein treffe rett?

Forretningsanalysar

Som leiande skipsdesignarar ser Ulstein på marknadsutviklinga i havvind for å få innblikk i den forventa storleiken på framtidas vindturbinar, noko som vil vere rådande for kva utgangspunkt ein skal sette ved designprosessen av nye installasjonsfartøy.

I staden for å gå rett til teiknebordet og skissere den ultimate installasjonseininga for den største vindturbinen vi kunne finne, utvikla vi eit program for forretningsanalysar der vi har utvikla og evaluert fleire løysingar. Dette verktøyet viser kva design som kan vere levedyktige i dagens og og den framtidige marknaden ved å berekne relevante parametrar på yting, mellom anna gjennomsnittleg installasjonstid, kostnad per turbin og avkastning på investeringa.

For turbininstallasjonar har vi gjennomført eit breitt spekter av forretningsanalysar for ulike typar og storleikar på installasjonsfartøy og jack-up-skip. Desse analysane ga stor innsikt i kva tekniske løysingar og jack-up-storleikar som fungerer bra frå eit forretningsperspektiv. Å jobbe med forretningsmodellar og studere resultata gjorde det mogleg for oss å betre forstå utfordringane til kundane våre. Ein interessant lærdom er at "stordriftsfordelar" har sine grenser når det gjeld vindinstallasjonsfartøy; det som økonomisk ser ut til å vere det beste treng ikkje å vere det skipet som er størst.

Med resultata frå forretningsverktøyet har vi optimalisert og vidareutvikla våre jack-up-skip for vindinstallasjonar. Med ein 15MW-vindturbininstallasjon som case, såg vi at ULSTEIN X-JACK-designet med si lavare stålvekt, høgare krankapasitet og betre operasjonsevne, kan ha opp til 25 prosent lågare total installasjonskostnad samanlikna med dagens jack-up-skip. Vidare har vi kunna optimalisert hovuddimensjonane til ULSTEIN J102-designet slik at det er den mest konkurransedyktige løysinga i marknaden både i nær framtid, men også for neste generasjon vindturbinar.

Please contact us for more information

Ulstein Design & Solutions B.V.

Cornerstone Building (6th floor)
Rotterdam Airportplein 32
3045 AP Rotterdam
The Netherlands

Tel: +31 10 475 00 11

udsbv.info@ulstein.com

Marketing and sales manager Nick Wessels
Nick Wessels

Marketing & sales manager

Tel: +31 620 43 0465

nick.wessels@ulstein.com