Klare for første tur med ‘Color Hybrid’

Published


Ferdigstillinga av plug-in hybridfartøyet "Color Hybrid" er i god gjenge ved Ulstein Verft. No pågår malingsarbeid, ulike installasjonar og elektroarbeid. Til stades er også Color Line sitt prosjektteam på åtte personar. Desse kjem alle til å ha arbeidsplassen sin om bord på fartøyet etter leveringa.

Teamleiar og og teknisk inspektør Jarle Auby og overstyrmann sjef Svein Roger Olsen har følgd fartøyet tett heilt sidan hausten 2016, før skipsbyggingskontrakten var skriven, og også byggeprosessen så langt. No har ytterlegare seks i teamet installert seg på Ulstein Verft.

- Arbeidsplassen vår
Kaptein Jan Magnar Sollid gler seg til å overta styringa av skipet:

- Dette vert arbeidsplassen vår og kvardagen vår. No når vi utfører inspeksjonane våre om kring på skipet, tenkjer vi på den daglege drifta, og korleis det kan verte best mogleg. Vi er proaktive, og gjer det vi kan for at byggeprosessen skal gå smertefritt.

Kaptein Jan Magnar Sollid og teamet på inspeksjon om bord på Color Hybrid.
Kaptein Jan Magnar Sollid og teamet på inspeksjon om bord på Color Hybrid.

Stor aktivitet på verftet
Verftet summar av travle arbeidarar, som jobbar for å få skipet klart til sjøsettinga frå dokkhallen i april.

- Det er veldig stor aktivitet no på absolutt alle område, og meir enn 600 personar jobbar på dette skipsbyggingsprosjektet, seier Jarle Auby. – Akkurat no vert det arbeidd med å installere lettveggar i lugarområda, isolering over det heile, og utvendig og innvendig maling.

Verftet prioriterer sikkerheit
- Vi føler oss veldig godt mottekne på verftet. Det er eit lite, kompakt verft, med god logistikk. Verftet vert halde ryddig og fint, og sikkerheita vert ivaretatt. Vi får eit veldig godt inntrykk av prosessane ved verftet, kommenterer kaptein Sollid.

Ikkje kvardagskost
Color Line-teamet ser fram til å få skipet ferdig.
- Det er ikkje kvar dag ein får ta ut ein heilt ny båt! Det er også kjempegøy at skipet er registrert i Sandefjord, der Color Line Marine har sitt hovudkontor, og der skipet skal i trafikk frå sommaren 2019, seier Jarle Auby, som då kjem til å vere om bord i jobben som maskinsjef.

Teamleiar Jarle Auby vert maskinsjef på Color Hybrid.
Teamleiar Jarle Auby vert maskinsjef på Color Hybrid.

Please contact us for more information

Ulstein Verft AS

P. O. Box 158,
NO-6067 Ulsteinvik
Norway


Tel: +47 7000 8000

gr@ulstein.com