Løfta forskalingskasser til Beitstadsundbrua

Published

Forarbeidet til Beitstadsundbrua ved Steinkjer er i gong, og nyleg var Ulstein Verft si tungløftsavdeling på staden og løfta og transporterte forskalingskassene. Kvar av kassene har ei vekt på 210 tonn.

Oversiktsbilde Beitstadsundet, februar 2019.
Oversiktsbilde Beitstadsundet, februar 2019.

- Vi har den fleksibiliteten at vi både har lekter, multiwheeler og ei mobilkran som gjer at vi mellom anna kan løfte og frakte tunge objekt både sjøvegen og på land, seier Jostein Sørnes ved avdelinga. Mobilkrana kan løfte opp til 600 tonn på land og 400 tonn på lekteren.

Beitstadsundbrua inngår i vegprosjektet fylkesveg 17 Dyrstad-Sprova-Malm, og sjølve brukassa vert produsert i Kina og vert frakta til Noreg med det første. Brua skal stå ferdig 29. november 2019.

Oppdrag langs heile kysten

– Vi utfører løfte- og transportoppdrag langs heile norskekysten. I den siste tida har vi utført oppdrag frå Karmøy i sør til Troms i nord, fortel Sørnes, og legg til:
- Vi har spesialisert oss på tungløft og transport med lekter. Ved å kombinere bruken av mobilkran, lekter og multiwheeler kan vi gjere oppdrag både på land og på sjøen. Fleksibiliteten gjer at vi kan flytte konstruksjonar som er for tunge for trailertransport på land.

Det er få aktørar i marknaden som har den fleksibiliteten vi har, det gjer at mange tek kontakt med oss, så vi har travle dagar. Og det likar vi godt, understrekar han.


Vi løftar deg til nye høgder

Les meir om kranløft, transport og prosjektering

Please contact us for more information

Jostein Sornes
Jostein Sørnes

Section leader Heavy Lift/NDT operator

Tel: +47 992 51 705

jostein.sornes@ulstein.com