Nullutslepp i konstruksjonsmarknaden offshore

Published


Ulstein sin visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. Med hydrogen kan ein oppnå nullutslepp i maritime operasjonar, og Ulstein sitt første design for eit hydrogendrive skip er no klart for marknaden.

DNV GL peika nyleg ut dei fem mest lovande alternative drivstoffa for shipping, med hydrogen som den ultimate nullutsleppsløysinga. CO2, NOx- og partikkelutslepp vert eliminerte når ein nyttar brenselceller med hydrogen.

Ulstein sitt første komplette hydrogendrivne skipsprospekt har blitt utvikla i samarbeid mellom Ulstein Design & Solutions BV og Nedstack fuel cell technology BV. Konstruksjonsstøtteskipet (CSV) er av designtypen ULSTEIN SX190 og kraftsystemet er brenselceller frå Nedstack. DP2-fartøyet kan utføre dei fleste offshorestøtteoperasjonar, og løysinga kan takast i bruk i dag. Løysinga nyttar utprøvd og tilgjengeleg teknologi og mogleggjer grønare skipsoperasjonar med redusert miljøavtrykk.

Første fartøy kan bli levert om tre år

- Den maritime næringa må tilpasse seg og vere ambisiøse i å få på plass grøne løysingar for ei berekraftig framtid. Med dette hydrogendrivne fartøyet tek vi sikte på langvarige skipsoperasjonar med nullutslepp, seier Tore Ulstein, som er viseadministrerande direktør i Ulstein Group. Sjøprøver på eit nybygd ULSTEIN SX190-nullutsleppsskip kan gjerast allereie i 2022.

Målet er nullutslepp i to veker

Med dagens teknologi kan ULSTEIN SX190-skipet allereie greie å arbeide fire dagar med null i utslepp. Med den raske utviklinga innan hydrogenlagring og brenselcelle-teknologiar, tek ein sikte på at fartøyet i framtida skal kunne jobbe opp til to veker med nullutslepp. Dersom oppdraget vert lenger enn dette, eller det er oppdrag som krev ekstra yting, kan fartøyet falle tilbake på det konvensjonelle dieselelektriske systemet som er utvikla for å bruke marin dieselolje (MDO) som har lågt svovelinnhald.

Nullutsleppsdesignet er basert på Ulstein sitt eksisterande SX190-design og har ei samla installert effekt på 7,5 MW. Av desse er 2 MW generert av eit brenselcellekraftsystem, typisk Nedstack Proton Exchange Membrane (PEM) brenselceller, plassert i eit separat maskinrom.

PEM-brenselcellene omdannar hydrogen og luft til elektrisk kraft, varme og vatn og produserer ingen skadelege utslepp i prosessen. Nedstack sine brenselcellesystem oppfyller krava i den maritime industrien, inkludert klassekrav og forsyningskjeder.

- Ulstein arbeider kontinuerleg for å forbetre marine operasjonar og redusere miljøavtrykket til dei skipa vi leverer, seier Ko Stroo, som er produktsjef i Ulstein Design & Solutions BV. – Det å innføre brenselcelleteknologi i ein arbeidshest som SX190 CSV-design er eitt av stega vi tek for å løfte den maritime industrien inn i ei meir berekraftig framtid. I tillegg har vi dei andre grøne løysingane våre, slik som X-BOW®-skrogforma, ULSTEIN ZED™-løysinga for 12-timar utsleppsfrie cruiseoperasjonar, og plug-in hybridløysingar.

PEM-brenselcellene som vert brukte i SX190-nullutsleppsdesignet vert drivne av hydrogen frå trykktankar i konteinarar, ein velprøvd og lett tilgjengeleg teknologi. Desse hydrogenlagringskonteinarane blir lasta og lossa som vanleg kontainerhandtering og -utstyr. Med det vert behovet for dyr infrastruktur for bunkring fjerna, og ein får ein global operasjonell fleksibilitet.

Hydrogenkonteinarane kan etterfyllast ved større hydrogenproduksjonsområde, anten frå industriell biproduksjon av hydrogen eller grøn hydrogen frå elektrolyse, noko som gjer at fartøyet kan arbeide over heile verda.

Framtidsretta

Ulstein jobbar tett med leverandørar for å ta i bruk grønare teknologi og siktar seg inn mot dei kundane som deler dei same ambisjonane og er villige til å samarbeide for å forsvare den ekstra investeringa som trengst for å sette kursen på nullutslepp i skipsfarten.

Dette initiativet støttar spesielt opp mot følgjande av dei 17 berekraftsmåla i UN Global Compact:

9 - Innovasjon og infrastruktur: Løysinga reduserer miljøavtrykket til offshoreprosjekt. CO2, NOx og partikkelutslepp vert eliminerte.

14 - Liv under vatn: Løysinga bidreg til å redusere den negative effekten av offshorekonstruksjonsskip på lokale marine økosystem.

17 - Samarbeid for å nå måla: Samarbeid på tvers av selskap og bransjar for å oppnå synergieffektar for dei mest berekraftige løysingane.

Please contact us for more information

Ulstein Design & Solutions B.V.

Cornerstone Building (6th floor)
Rotterdam Airportplein 32
3045 AP Rotterdam
The Netherlands

Tel: +31 10 475 00 11

udsbv.info@ulstein.com

Nick Wessels
Nick Wessels

Marketing & sales manager

Tel: +31 620430465

nick.wessels@ulstein.com