OHT skal transportere og installere fundament til Dogger Bank-vindfarmane

Published

Det norske selskapet Offshore Heavy Transport (OHT) sitt fartøy, ‘Alfa Lift’, designa av Ulstein Design & Solutions BV, skal transportere og installere fundamenta og overgangsstykka til verdas største havvindpark, Dogger Bank. ‘Alfa Lift’ er OHT sitt første fartøy som er utvikla spesielt for havvindmarknaden.

Med sine 48 000 dødvekttonn og ei 3000-tonns kran er skipet verdas største, spesialbygde fartøy for installasjonar av havvindfundament.

- Vi treng nye aktørar som kan tenke annleis og gjere bransjen endå meir konkurransedyktig, seier Halfdan Brustad, Vice President for Dogger Bank i Equinor.

Alfa Lift er under bygging ved verftet China Merchants Heavy Industry (CMHI) i Kina, og er planlagt ferdigstilt i 2021. Skipet har meir enn 12 300 kvadratmeter tilgjengeleg dekkplass med mellom anna eit heilautomatisert skinnesystem. Det 216 meter lange fartøyet har kapasitet til ei total nyttelast på opp til 51 250 tonn, og kan frakte og installere ti vindturbin-pålar og ti overgangsstykke for kvar tur.

Alfa Lift i delvis nedsenka posisjon.
Alfa Lift i delvis nedsenka posisjon.

Vindfarmområdet ligg om lag 130 kilometer utanfor den nordaustelege kysten av England, og vindturbinane skal installerast på djupner på opp til 35 meter.

- Pålane som skal installerast på Dogger Bank vil vere blant dei største som nokon gong har vorte brukte på ein havvindpark. OHT sitt Alfa Lift-fartøy gjer at vi kan utføre installasjonane trygt og effektivt, seier Steve Wilson, prosjektdirektør ved Dogger Bank Wind Farms.

Paul Cooley i SSE Renewables legg til:

- Dogger Bank Wind Farms banar veg for framtidig havvindutvikling, ikkje bere i Storbritannia, men globalt, ved å bruke nokre av dei mest innovative og effektive teknologiane på marknaden slik som Alfa Lift-fartøyet.

Transport og installasjon av pålane og overgangsstykka er forventa utført mellom 2022 og 2024.

Om Dogger Bank Offshore Wind Farms:

  • Løyve til bygging vart gitt i 2015
  • Ligg i Nordsjøen om lag 130 km frå kysten av Yorkshire
  • Vassdjupne varierer frå 20 til 35 meter
  • Kvart prosjekt vil ha ein installert kapasitet på 1,2 GW, nok til 1,5 millionar husstandan. Prosjekta kan samanlagt dekke om lag 5% av Storbritannia sin estimerte straumproduksjon
  • Det første prosjektet er venta å vere i drift i 2023

OHT spesialiserer seg på å frakte store, tunge laster innan ulike marknader som olje og gass, havvind og store infrastrukturprosjekt. Alfa Lift-skipet vil bli det første skipet i flåten som vert bygd spesifikt for havvindmarknaden. Skipet er designa av Ulstein Design & Solutions BV. Installasjonsfartøyet kan utøve tunge løft også når delvis nedsenka, og har stor lasteevne.

Please contact us for more information

Ulstein Design & Solutions B.V.

Cornerstone Building (6th floor)
Rotterdam Airportplein 32
3045 AP Rotterdam
The Netherlands

Tel: +31 10 475 00 11

udsbv.info@ulstein.com

Nick Wessels
Nick Wessels

Marketing & sales manager

Tel: +31 620430465

nick.wessels@ulstein.com