Samarbeid SCHOTTEL og ULSTEIN:

Published

Optimaliserer skipsoperasjonar med digitale tenester: ULSTEIN og SCHOTTEL ønsker å samarbeide for å kunne ta nye steg innan automatisering og digitalisering av marine operasjonar.

Eitt av dotterselskapa i Ulstein Group, Ulstein Blue CTRL, vert skilt ut som eit sjølvstendig selskap under namnet Blue CTRL. ULSTEIN og SCHOTTEL skal eige 50 prosent kvar av aksjane i dette selskapet. Selskapet sine produkt og system vert basert på plattforma X-CONNECT®.

ULSTEIN har sidan 2011 utvikla X-CONNECT®-plattforma for framtidas automatisering innan det maritime og marine området. SCHOTTEL har lange tradisjonar for å utvikle styrings- og automasjonssystem for ei rekke ulike framdriftssystem for skip.

X-CONNECT® er ei universell digital plattform for marin automasjon, styring og overvaking. All funksjonalitet i systemet er førehandsdefinert og med moglegheit for tilpassing for å støtte filosofien om å konfigurere, koble til og starte opp. I tillegg til system for nybyggingsprosjekt, vil det nye samarbeidet også tilby system som er eigna for oppgraderingar av skip.

- Det er mange likskapar mellom selskapa våre, og vi er begge privateigde. Dette gir moglegheit for å jobbe langsiktig med å utvikle nye forretningskonsept. Produkta våre utfyller kvarandre godt, seier Tore Ulstein, visekonsernsjef i Ulstein Group. Han held fram:

- Sett frå designaren sitt perspektiv trur vi at ei nærare integrering mellom utviklinga av den marine plattforma og framdriftssystemet vil gi langt betre fartøysoperasjonar. Dersom vi kan straumlinjeforme meir data mellom dei ulike systema om bord, kan vi optimalisere den dynamiske posisjoneringa og drifta av skipet. Dette vil føre til redusert drivstofforbruk, reduserte utslepp og følgande grønare operasjonar.

SCHOTTEL har tidlegare levert svært mange framdriftsstyringssystem til skipsbruer. Framdriftskontroll, og utvikling av nye løysingar for støttesystem og posisjonering, har alltid vore eit strategisk fokus for SCHOTTEL.

- Vi ser fram til dette samarbeidet i Blue CTRL og å starte felles utvikling av smarte system for marin automasjon og digitalisering. Systema som Blue CTRL leverer vil gjere det mogleg for oss å tilby kundane smartare og integrert styring av både nybygg og eksisterande skip. I tillegg er det eit solid system for hybride og elektriske løysingar. Partnarskap er viktig i dagens marknad. Gjennom Blue CTRL skal vi ha fokus på utvikling av automasjon og digitale tenester. Vi skal halde fram med å gje våre kundar innovativ og global propulsjonsekspertise, seier Stefan Kaul, direktør for industrielle operasjonar og konsernsjef i SCHOTTEL .

X-CONNECT®-plattforma ligg i botnen for ei rekke ulike produkt; Alarm- og overvakingssystem, integrert automasjonssystem (IAS), energistyring, kraftstyringssystem og skytenesta BLUE BOX ™.

SCHOTTEL-konsernet, med hovudkontor i Spay i Tyskland er ein av verdas leiande produsentar av framdrifts- og styringssystem for skip og offshore-applikasjonar. Selskapet vart grunnlagt i 1921 og har i snart 70 år utvikla og produsert framdrifts- og styresystem for fartøy av alle typar og storleikar. Selskapet har rundt 100 sals- og servicestader over heile verda for å vere nær kunden.

ULSTEIN er eit familieeigd selskap med aktivitet i fem land, og med hovudkontor i Ulsteinvik. ULSTEIN leverer produkt og tenester innan skipsdesign, skipsbygging og utstyrspakkar til den internasjonale marknaden. Sidan 1917 har Ulstein Verft bygd meir enn 300 skip, og meir enn 100 skipsdesign med X-BOW® har vorte leverte frå Ulstein Design & Solutions. ULSTEIN sin visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar.