Sjuande cruiseskip for SunStone stadfesta - ytterlegare tre forventa innan årsslutt

Published


SunStone Ships har signert ein kontrakt med CMHI på bygging av ekspedisjonscruisefartøy nummer sju i INFINITY-serien, alle designa av Ulstein Design & Solutions. Niels-Erik Lund, president og administrerande direktør i SunStone, reknar med at dei resterande tre opsjonane vil bli signerte innan utgangen av 2019.

SunStone Ships og CMHI har signert skipsbyggingskontrakt for det sjuande ekspedisjonscruiseskipet med design frå Ulstein.
SunStone Ships og CMHI har signert skipsbyggingskontrakt for det sjuande ekspedisjonscruiseskipet med design frå Ulstein.

I selskapet sitt magasin, 'SunStone Insider', plar Lund å framheve eitt av sine favorittsitat, blant anna dette:

«Ikkje sjå deg tilbake. Det er ikkje dit vi skal!»

Niels-Erik Lund lever absolutt opp til dette sitatet. SunStone Ships skil seg ut i cruiseindustrien ved at alle skipa deira vert chartra ut til ulike operatørar. Når det gjeld tonnasje, er dermed SunStone den største leverandøren av ekspedisjonscruiseskip i verda, og gjennom tilknytta selskap tilbyr dei også tekniske tenester og hotelldrift til skipa.

– Eit spesialisert mannskap er avgjerande når det gjeld å bemanne ekspedisjonscruiseskip. Vi går til svært avsidesliggande område og må kunne fikse alt som måtte oppstå. Små operatørar i denne nisja får gjennom oss tilgang til dyktige mannskap, til dømes kapteinar med iskompetanse, eller den rette tekniske kunnskapen, seier Lund. Det er også andre fordelar:

- Vi får lavare driftskostnader på fartøya og kan drive flåten meir økonomisk ved at vi oppnår stordriftsfordelar. Eit selskap som chartrar eitt av fartøya våre vil få alle fordelane ved å vere ein del av ei flåte.

Niels-Erik Lund (nr 2 frå venstre) i samband med sjøsettingsseremonien til skip nummer 1 i INFINITY-serien, Greg Mortimer, i mars 2019.
Niels-Erik Lund (nr 2 frå venstre) i samband med sjøsettingsseremonien til skip nummer 1 i INFINITY-serien, Greg Mortimer, i mars 2019.

Å forme framtida

SunStone sin filosofi har vore å kjøpe eksisterande fartøy, men for nokre år sidan bestemte dei seg for at nybygging ville vere den beste måten å utvide flåten. Denne tilpassinga kom som følgje av ein nedgang i tilgjengeleg tonnasje samtidig som ekspedisjonscruisemarknaden var i rask vekst. I 2017 inngjekk SunStone og CMHI ein avtale om å bygge potensielt ti skip i INFINITY-serien, basert på Ulstein sine design.

Luksusturar

INFINITY-fartøya er baserte på CX103-designet med X-BOW® frå Ulstein Design & Solutions. X-BOW® blei opphavleg utvikla for gode sjøeigenskapar ved tøffe forhold, men har også ein fordel ved at det vert meir rom i baugområda, noko som på desse skipa vert utnytta til romslege salongar med ei eineståande utsikt.

- Dei som ynskjer å leige desse skipa av oss er ivrige etter å ta del i dei fordelane som ligg i X-BOW®-designet og driftseffektiviteten i INFINITY-klassen. Så vi handlar raskt for å få dei inn i marknaden, seier Lund.

Om fartøya

Skipa er 104,4 m lange og 18,4 m breie. Dei har ein passasjerkapasitet på 130-200, og ein mannskapskapasitet på 85-115. Skipa er små nok til å gi kjensla av eksklusivitet, og store nok til å kunne tilby alle forventa tenester og fasilitetar, som svømmebasseng, bar og restaurant, boutique, kino, treningsstudio og spa. Skipet har eit rikhaldig lager av utstyr for utandørsaktivitetar, mellom anna gummibåtar (Zodiacs), syklar, kajakkar eller padlebrett.

Skipa vert bygde i samsvar med Polarklasse 6, Polar code Cat B, med dynamisk posisjoneringssystem og stillefartsstabilisatorar, og er klassa av Bureau Veritas.

Interkontinentalt samarbeid

INFINITY-prosjektet er eit globalt samarbeid, der reiarlaget og innreiingsdesignaren held til USA, interiørleverandøren og skipsdesignaren er skandinaviske, skipsbygginga vert utført i Kina og operatørane er over heile verda. Ulstein er ansvarlege for skipsdesignet og utstyrspakken.

Realiseringa av ein draum

SunStone sine planar for INFINITY-serien av ekspedisjonscruisefartøy har modna over åra, og no er altså alle i ferd med å bli ein realitet.

- Dette er ei nisje i vekst, og vi er verdsleiande i denne. Dette er realiseringa av ein draum, oppsummerer Niels-Erik Lund, og legg til:

«Muligheiter oppstår ikkje. Du lagar dei.»


Please contact us for more information

Lars Ståle Skoge, commercial director at Ulstein Design & Solutions AS
Lars Ståle Skoge

Commercial director

Tel: +47 915 81 226

lars.skoge@ulstein.com