Frakta trålar på begge multiwheelerane

Published


I april 2019 vart tungløftsavdelinga ved ​Ulstein Verft innleigd av Vard Aukra til å transportere ein trålar frå produksjonshallen til ein ventande synkelekter ved kai som skulle sjøsette trålaren.​ Det vert to slike jobbar til i løpet av sommaren og hausten.

Til denne transporten vart begge multiwheelerane til tungløftsavdelinga nytta. Det maksimale løftet som kan takast med dei to multiwheelerane er totalt 640 tonn. I dette oppdraget var totalvekta på trålaren nesten 580 tonn, så oppdraget ligg nær grensa for det maksimale vi kan greie å frakte med dei to multiwheelerane kombinert.

Multiwheelerane er av typen Goldhofer SPMT (self-propelled module transporters) for å kunne flytte tyngre kolli. Desse vert typisk frakta på vår 'Flex' lekter saman med mobilkrana vår på oppdrag langs kysten.

Multiwheelerane syter for kontrollert transport av tunge og store gjenstandar, i dette tilfellet ein trålar på nærare 600 tonn.
Multiwheelerane syter for kontrollert transport av tunge og store gjenstandar, i dette tilfellet ein trålar på nærare 600 tonn.


Please contact us for more information

Ulstein Verft AS

P. O. Box 158,
NO-6067 Ulsteinvik
Norway

Tel: +47 7000 8000

gr@ulstein.com

Jostein Sornes
Jostein Sørnes

Section leader Heavy Lift/NDT operator

Tel: +47 992 51 705

jostein.sornes@ulstein.com