Tredje havvindskip for Bernhard Schulte under utrusting

Published

Konstruksjonen av Bernhard Schulte sitt tredje havvindskip designa av Ulstein er i full gjenge hos Ulstein Verft, som er i gong med oppgåver som stålutrusting, mekanisk utrusting, elektrisk stålarbeid, rørlegging og isolering. Kabelstrekking vil starte opp om få dagar.

Bernhard Schulte har tidlegare (2016 og 2017) fått overlevert to havvindskip frå Ulstein. Reiarlaget var det første som bestilte og introduserte til marknaden den nye X-STERN-akterskipdesignet. Denne løysinga aukar den operasjonelle fleksibiliteten og arbeidsforholda til mannskapet på skipa ved havvindfarmane. Hovudutstyret er plassert i aktre enden av skipet og arbeidsoperasjonane skjer herifrå, det vil då vere naturleg å halde skipet med aktre enden mot veret medan det arbeider på havvindfarmen.

Bernhard Schulte sitt serviceoperasjonsskip nummer tre frå Ulstein er eit noko større design enn dei skipa dei har fått frå før, og er av designtypen SX195. Skipet er 93,4 meter langt og 18 meter breitt og har rom for opptil 120 personar.

Designet er tilpassa for å oppfylle tender-krava til chartraren og areiarlaget sitt føretrekte operasjonelle utstyr. Det har ein stor og sentralt plassert ‘walk-to-work’ (W2W) rørslekompensert gangveg med tårnheis for overføring av personell og last til vindturbinane. Vidare er der også ei 3D-kompensert kran som kan løfte opp til 2 tonn. Logistikken om bord er optimalisert med stor lagerkapasitet, der halvparten er under tak i eit kontrollert miljø, og med trinnlaus overgang til turbinane.

I samarbeid med reiarlaget har Ulstein Design & Solutions AS designa eit dieselelektrisk framdriftssystem som i kombinasjon med batteri vil redusere driftstimane på hovudmotorane, spare drivstoff og redusere miljøfotavtrykket.

Please contact us for more information

Companies