Tunge kranløft for lakseslakteri

Published

I løpet av fire dagar i januar 2019 lossa tungløftsavdelinga ved Ulstein Verft delar til store ventemærer for Marine Construction AS, som Cermaq skal ha ved sitt nye lakseslakteri på Storskjæret ved Bogøy i Steigen kommune.

Det var snø på dekket av lekteren ved ankomst, og vekslande vêr med snø gjorde arbeidet litt meir tungvint med snømoking.

Cermaq stilte med 5 arbeidsbåtar og mange trivelege arbeidsmaur. Vekta på delane var ikkje stor (66-90 tonn), men som følgje av storleiken måtte langt løfteutstyr nyttast.

Båtane som var med var Engeløy, Poseidon, Polar Viking, Breidsund og Raneson.

Tungløftsavdelinga i Ulstein Verft tilbyr krantjenester og lektertransport til maritime og kystnære oppdrag.

Delar som er kobla saman til heile rammer.
Delar som er kobla saman til heile rammer.

Please contact us for more information

Jostein Sornes
Jostein Sørnes

Section leader Heavy Lift/NDT operator

Tel: +47 992 51 705

jostein.sornes@ulstein.com

Ulstein Verft AS

P. O. Box 158,
NO-6067 Ulsteinvik
Norway

Tel: +47 7000 8000

gr@ulstein.com