Tvillingdåp for Golden Energy Offshore-skip

Published

Systerskipa Energy Empress og Energy Duhess vart døypte 29. juni 2019. CEO Per Ivar Fagervoll i Golden Energy Offshore kunne under dåpen fortelje at Energy Empress skal på sitt første oppdrag 1. juli 2019.

Dåsseremonien vart halden om bord på Energy Empress framfor fossen Dei sju systrene i Geirangerfjorden.

Plattformforsyningsfartøya er designa av Ulstein Design & Solutions AS med utgangspunkt i PX121-designet. Totalt har det vorte bygd tretti PX121-fartøy. Desse to fartøya for Golden Energy Offshore har eit ekstra lugardekk.

Energy Empress og Energy Duchess er bygde på Nantong Rainbow Offshore & Engineering Equipments Co, Ltd ("ROC") i Kina.

Den gongen designkontrakten vart annonsert, sa Per Ivar Fagervoll i Golden Energy Offshore følgjande:

- I tillegg til design, leverer ULSTEIN også ei betydeleg pakkeleveranse som inkluderer utstyr, byggeoppfølging, igangkøyring (kommisjonering) av utstyr og testing, noko som har vore viktig og avgjerande for at vi kunne satse på desse fartøya. Der er også anna norsk utstyr om bord, blant anna innreiingspakken, levert i samsvar med norske standardar.

Please contact us for more information

Lars Ståle Skoge, commercial director at Ulstein Design & Solutions AS
Lars Ståle Skoge

Commercial director

Tel: +47 915 81 226

lars.skoge@ulstein.com