Ulstein tek sterk posisjon i cruisedesign

Published


For tre år sidan lanserte Ulstein Design & Solutions sine første designillustrasjonar innan ekspedisjonscruise. Ulstein har så langt signert designavtalar på 12 skip, inkludert opsjonar.

Ulstein har funne svært kompetente og erfarne ekspedisjonscruisekundar i Lindblad og SunStone, og har eit godt og konstruktivt samarbeid med desse. – Dette skaper eit grunnlag for viktig læring, seier Tore Ulstein, COO Design & Solutions i Ulstein.

Med tolv kontraktar inkludert opsjonar på ekspedisjonscruisefartøy i løpet av tre år, har vi no etablert ein sterk posisjon som ekspedisjonscruisedesignarar, fortel han.

Ein baug for betre kundeopplevingar

Skroglinjedesignen X-BOW® gjer at dei ulsteindesigna skipa skil seg ut. X-BOW splittar bølgene og fjernar slag og påfølgande vibrasjonar, noko som aukar komforten til passasjerar og mannskap. Og sidan skipet brukar mindre drivstoff for å kome gjennom bølgene, bidreg baugen også til å spare energi og redusere utsleppa.

Reduserte akselerasjonar og slag gir mindre slitasje utstyr, og gir ei god plattform for eit ekspedisjonscruise. Sjølv i tøffe forhold skaper X-BOW® lite sjøsprøyt, slik at dekket held seg tørt.

Fartøyet får meir kapasitet i dei øvre baugområda, dette er plass som kan bli brukt til observasjonssalongar, barar og anna fritidsareal.

Halde tidstabellar

Nokre sjøstrekningar, som Drake-passasjen, kan vere utfordrande. Med X-BOW® er reisa jamnare. Det er i mindre grad naudsynt å redusere farta, og tidstabellane kan lettare bli haldne, samtidig som forholda held seg komfortable om bord.

Med omsyn til miljøet

Ove Dimmen er salsansvarleg for cruiseskip i Ulstein Design & Solutions. Han fortel at interessa for Ulstein sine ekspedisjonscruisedesign kom umiddelbart etter at selskapet publiserte dei første designillustrasjonane. I tillegg til X-BOW®, har skipa også innebygde kvalitetar for å redusere utslepp og auke driftssikkerheita.

Skipsdesignarane Torill Muren og Terje Våge, her saman med salssjef cruise Ove Dimmen i Ulstein Design & Solutions, opplever stor interesse for cruiseskipsdesigna frå Ulstein.
Skipsdesignarane Torill Muren og Terje Våge, her saman med salssjef cruise Ove Dimmen i Ulstein Design & Solutions, opplever stor interesse for cruiseskipsdesigna frå Ulstein.

- For eksempel tilfredsstiller skipa det nyaste "Safe Return to Port"-regelverket som inneber at skipa er delt i fleire uavhengige soner der alt naudsynt maskineri og system er dupliserte for at skipet trygt skal kunne ta seg til hamn dersom ein skade som lekkasje eller brann skulle oppstå, seier han, og held fram:

- Vidare har skipa løysingar for å redusere forbruket til oppvarming og ventilasjon, med blant anna aktivt styrt attvinning på restvarme frå maskineriet og energiattvinning frå utblåsingslufta. Kraftstasjonen om bord tilpassar seg automatisk til kraftbehovet for å sikre optimal drift, og skipet vil heller ikkje bruke tungolje, men berre operere på lette drivstoff (diesel) i tillegg til at det er utstyrt med eksosreinseteknologi. Skipa som er utvikla av Ulstein vil betre komforten for passasjerane, men designa våre vil også redusere miljøfotavtrykket og gjere denne måten å reise på til ei grønare og tryggare løysing for framtida.

Related

Please contact us for more information

Contacts