Walk-to-work-skipet Acta Centaurus i arbeid etter levering frå Ulstein Verft

Published


Acta Marine sitt nybygg, walk-to-work-fartøyet Acta Centaurus, har blitt levert frå Ulstein Verft og er i ferd med å starte på sitt første havvindoppdrag. Høg kvalitet og leveringspresisjon var avgjerande for Acta Marine då dei plasserte sin andre kontrakt ved Ulstein Verft.

- Med dei erfaringane vi har gjort på vårt første walk-to-work-skip, Acta Auriga, kjenner vi oss trygge på at Acta Centaurus vil vere svært godt eigna til å arbeide innanfor offshoremarknaden, og då særleg inn mot fornybar energi. Vi er svært nøgde med korleis Ulstein følgjer opp prosjekta og leverer. No er vi klare til å få henne ut i arbeid, seier Rob Boer, som er administrerande direktør i Acta Marine.



Viktig å bli ferdig til avtalt tid

- Vi veit kor viktig det er å få eit fartøy fullført i tide. Dette har vi greidd gjennom godt samarbeid mellom Acta Marine og Ulstein på alle nivå, seier Kristian Sætre, administrerande direktør i Ulstein Verft. Han held fram: - Vi er visse på at Acta Centaurus vil vere ein god arbeidsplattform for eigaren og klientane deira.

Logistikk

Ved å vurdere flyten i ulike arbeidsoperasjonar har ein utvikla optimaliserte logistikkløysingar. Her er store lasteareal på 1000 kvadratmeter, under tak og ute, med skinnesystem for konteinarar og med god plass til totalt 24 konteinarar. All lastehandtering er på eitt dekk, med trinnlaus overføring til last- og personellheisa og vidare over til vindturbinane. Logistikkløysingane og SMST sin utstyrsleveranse, med den rørslekompenserte gangvegen og den integrerte heisa, sikrar ei trygg overføring av personar og last i signifikant bølgjehøgd opp til 3 meter. SMST leverer også ei 3D-rørslekompensert knekkbomkran som kan handtere seks tonn last i signifikant bølgjehøgd opp til 2,5 meter.

Hotell-fasilitetar

Acta Centaurus har innreiing for opp til 120 personar, og med rikeleg kontor- og arbeidsplassar tilgjengeleg for chartrerane. Messa og salongane femner mellom anna om eit bibliotek og eit spelerom. Skipet har også badstove og treningsrom. Dei svært lave støy- og vibrasjonsnivåa ligg godt innanfor krava til DNV-GL sin COMFORT V2-klasse.

Skipsdesign

Fartøyet er utstyrt med skrogløysingane X-BOW® og X-STERN®. X-BOW er viktig når fartøyet skal gå i transitt. I møtande sjø vil X-BOW gjere at skipet vil skjere gjennom bølgjene og slag og vibrasjonar vert reduserte, noko som er svært viktig for trivselen om bord. X-STERN har mange av dei same eigenskapane til X-BOW, og vil føre til høgare fleksibilitet ved vindfarmane ved at han forbetrar arbeidsevna i vinterhalvåret. Når skipet vert halde posisjonert (dynamisk posisjon/DP) med hekken mot vêret vil posisjonen kunne haldast med lavare belasting på thrusterane, noko som bidreg til å redusere drivstofforbruket.

Første jobb

Skipet skal snart til å mobilisere for eit oppdrag for MHI Vestas Offshore Wind der det skal fungere som eit støtteskip for installasjon og oppstart av 33 V164-8.4 MW MHI Vestas-turbinar på Deutsche Bucht havvindfarm i den tyske sona.

Flaggskiftet er den offisielle markeringa av at skipet er overlevert. Her frå venstre salssjef Trond Skodjevåg Bø i Ulstein Verft og prosjektleiar Marcus de Gref som takkar for godt samarbeid, medan kapteinen sikrar tauet.
Flaggskiftet er den offisielle markeringa av at skipet er overlevert. Her frå venstre salssjef Trond Skodjevåg Bø i Ulstein Verft og prosjektleiar Marcus de Gref som takkar for godt samarbeid, medan kapteinen sikrar tauet.

Please contact us for more information

Companies

Contacts