Havvindskipet plassert ved kaia

Published

Byggnummer 315 ved Ulstein Verft, nybygget 'Windea TBN' for Bernhard Schulte, har vorte slept ut frå ytre dokk og vorte posisjonert ved utrustingskaia til verftet. Skipet er no i gong med førebuande arbeid til prøveturstart i byrjinga av mars.

I forkant av prøveturen er det ulike testar som no skal gjennomførast. Dette inkluderer oppstart av framdriftssystemet, testing av tårnet og krana.

Havvindskipet, som både er utstyrt med X-BOW® og X-STERN™, skal i arbeid som eit serviceoperasjonsskip for GE Renewable Energy på havvindfarmen Merkur Offshore Wind Farm utanfor kysten av Tyskland. Eit serviceoperasjonsskip fraktar servicepersonell og utstyr som trengst til installasjonar og vedlikehald på havvindfarmane, og det fungerer også som hotellskip.

Følg framdrifta av dette hybridskipet frå design til levering:
https://ulstein.com/the-process-of-building-a-battery-hybrid-for-the-offshore-wind-industry

To prosjekt ved Ulstein Verft; utdokking fredag 7. februar 2020 av havvindskipet for Bernhard Schulte til venstre. Ved kai låg då ekspedisjonscruiset 'National Geographic Endurance' for Lindblad Expeditions. Foto: Uavpic.com

Please contact us for more information

Companies

Contacts