Sjøsette katamaran for GS Marine Produksjon

Published

Onsdag 30. september 2020 var tungløftsavdelinga på plass ved GS Marine produksjon i Gursken for å sette på sjøen den 27 meter lange katamaranen 'Erla Kongsdottir', som er tiltenkt passasjertrafikk på Færøyane.

Jostein Sørnes leier tungløftsavdelinga til Ulstein Verft. Med lekter, beltekran og multiwheeler utfører dei løfte- og transportoppdrag langs heile norskekysten. Foto: Egil Reidar Ørsal.
Jostein Sørnes leier tungløftsavdelinga til Ulstein Verft. Med lekter, beltekran og multiwheeler utfører dei løfte- og transportoppdrag langs heile norskekysten. Foto: Egil Reidar Ørsal.

Lokalavisa Vestlandsnytt skildra oppdraget slik:

Hendinga engasjerte fleire tilskodarar ved vegen og på kaia til Gursken-bedrifta. Det var ikkje akkurat vanskeleg å sjå at noko var på gong. Ulstein si tungløft-avdeling hadde nemleg taua inn ei gigantkran, med ein løftekapasitet på 600 tonn, for å ta seg av sjølve sjøsettinga.

Då Vestlandsnytt kom til staden, fekk vi vere vitne til siste innspurten før båten fekk vatn under skroget. Veret spelte på lag, og den store krana hadde ikkje noko problem med å fullføre jobben.

Førebuing til løftet av katamaranen ved GS Marine Produksjon. Foto: Egil Reidar Ørsal.
Førebuing til løftet av katamaranen ved GS Marine Produksjon. Foto: Egil Reidar Ørsal.

Dette var trass alt ikkje å rekne som noko tungløft, skal vi tru tungløftsjefen i Ulstein, Jostein Sørnes.
- Vi kan løfte mykje tyngre enn som så, då vi vanlegvis handterer skrog i aluminium og stål, ikkje karbonfiber. Men løftet gjekk bra og vi er fornøgde, sa han.


Vi løftar deg til nye høgder

Les meir om kranløft, transport og prosjektering

Please contact us for more information

Ulstein Verft AS

P. O. Box 158,
NO-6067 Ulsteinvik
Norway

Tel: +47 7000 8000

gr@ulstein.com

Jostein Sornes
Jostein Sørnes

Section leader Heavy Lift/NDT operator

Tel: +47 992 51 705

jostein.sornes@ulstein.com