Sjøsetting av SunStone sitt ekspedisjonsskip Ocean Explorer

Published


SunStone Ships si nye praktskute, Ocean Explorer, vart sjøsett ved CMHI-verftet i Kina onsdag 12. august 2020. Skipet er nummer fire i INFINITY-klassen av X-BOW-ekspedisjonsskip, alle er designa av Ulstein.

Ocean Explorer - SunStone Ships #4.
Ocean Explorer - SunStone Ships #4.

Alle skipa vert eigde av SunStone Ships, og vert leigd ut til cruiseoperatørar. Ocean Explorer skal arbeide for Vantage Cruise Line, og er planlagt for levering i 2021.

Skipa i INFINITY-serien er alle baserte på ULSTEIN sin CX103-design, men det kan gjerast individuelle tilpassingar.

Vantage Cruise Line reklamerer for skipet på denne måten:

For dei som trur det ikkje kan vere nokon synergieffekt mellom luksuriøse reiser og ekspedisjonscruise, må dei sjå til den 5-stjerners Ocean Explorer. Her vert det førsteklasses servering, det er få passasjerar pr mannskap, spa-fasilitetar, badebasseng og utandørs kino. På toppdekket vil ein få fantastisk utsikt frå observasjonssalongen. Utanfor skipet kan ein reise på utflukt og observere dyreliv i små grupper, dra på sykkelturar, eller legge ut med kajakk eller padlebrett.

Ocean Explorer har det siste i satellitt- og navigasjonsteknologi, og i tillegg ULSTEIN X-BOW®, som gir betra komfort når ein skal krysse ope hav.

Skipet har plass til inn til 165 personar fordelt på 77 lugarar og 15 enkeltlugarar.

Følg framdrifta på alle byggeprosjekta for SunStone Ships.

Ein ny ULSTEIN X-BOW i ferd med å bli sjøsett.
Ein ny ULSTEIN X-BOW i ferd med å bli sjøsett.

Please contact us for more information

Lars Ståle Skoge, commercial director at Ulstein Design & Solutions AS
Lars Ståle Skoge

Commercial director

Tel: +47 915 81 226

lars.skoge@ulstein.com