Storblokkene til Nexans Aurora er samanstilte

Published


Alle storblokkene til kabelleggingsskipet (CLV) ‘Nexans Aurora’ har no vorte samanstilte på skrogverftet CRIST. No står det att arbeidsoppgåver som mindre stålarbeid, noko utrusting og måling før skroget skal slepast til Ulstein Verft for ferdigstilling.

'Nexans Aurora'
'Nexans Aurora'

Nexans Aurora er eit DP3-kabelleggingsfartøy som vil bli utstyrt for legging av kraftkablar, inkludert buntlegging, skøyting og reparasjonar, og kabelsystemvern og grøfting.

Kontrakten mellom Nexans og Ulstein Verft blei annonsert i juli 2018. Skrogproduksjonen tok til i februar 2019. Fartøyet er designa av Skipsteknisk og har ei lengd på 149,9 meter og breidde på 31 meter.

Nexans Aurora har stor kapasitet med mellom anna ei svingskive for 10 000 tonn kablar. Skipet har også eit eige, lukka område for skøyting av kablar med eit kontrollert arbeidsmiljø med same standard som i Nexans sine fabrikkar.

Skipet har plass til opp til 90 personar.

Levering er planlagt til 2021.

Please contact us for more information

Ulstein Verft AS

P. O. Box 158,
NO-6067 Ulsteinvik
Norway

Tel: +47 7000 8000

gr@ulstein.com

Trond Skodjevåg Bø, sales manager Ulstein Verft
Trond Skodjevåg Bø

Sales manager

Tel: +47 952 01 043

trond.bo@ulstein.com