Transport og montering av ferjebru på Geisnes

Published

Transportoppdrag langs kysten er eit typisk oppdrag for tungløftsavdelinga i Ulstein Verft. Sist i november 2020 transporterte avdelinga ei ferjebru frå Romsdal til Trøndelag.

Søndag 29. november 2020 var tungløftavdelinga i Ulstein Verft komne fram frå Ulsteinvik med lekter og kran til Nordvestsveis AS på Grønneset, Skåla i Molde. Der vart ei ny ferjebru lasta på lekteren før turen gjekk vidare mot Geisnes ferjekai i Nærøysund kommune.

Unødvendig installasjon blei fjerna og den gamle ferjekaibrua blei løfta med mobilkran. Tysdag 1. desember blei den nye ferjebrua montert med mobilkrana frå lekter.

I denne arbeidsperioden vart ferjeleiet stengt for all trafikk. Den nye ferjekaibrua er breiare og lengre enn brua som har vore der til no.


Vi løftar deg til nye høgder

Les meir om kranløft, transport og prosjektering

Please contact us for more information

Ulstein Verft AS

P. O. Box 158,
NO-6067 Ulsteinvik
Norway

Tel: +47 7000 8000

gr@ulstein.com

Jostein Sornes
Jostein Sørnes

Section leader Heavy Lift/NDT operator

Tel: +47 992 51 705

jostein.sornes@ulstein.com