A-ramma på plass på 'Nexans Aurora'

Published


Den 29. januar 2021 blei den store 150-tonns A-ramma til DP3-kabelleggingsskipet ‘Nexans Aurora’, under bygging ved Ulstein Verft, løfta på plass. Det 149,9 meter lange og 31 meter breie fartøyet skal arbeide i marknaden for fornybar energi til havs.

A-ramma i ferd med å bli løfta på kabelleggingsskipet 'Nexans Aurora'.
A-ramma i ferd med å bli løfta på kabelleggingsskipet 'Nexans Aurora'.

'Nexans Aurora' skal installere kablar på havbotnen, inkludert kablar som skal koble på havvindparkar til nettet. Dei to aktiv hiv-kompenserte, 75-tonns vinsjane under dekk og A-ramma på 150 tonn, som alle er Palfinger-leveransar, vil vere involverte i oppgåver som handtering av kabel-endetermineringar, gjennomføring av kabelspleising og -reparasjonar ned til 2500 meter.

Fartøyet er eit ST-297 CLV-design frå Skipsteknisk og er planlagt levert frå Ulstein Verft til Nexans i 2021. Fartøyet er designa for operasjonar under tøffe vêrforhold, og har høg manøvreringsevne og evne til å halde posisjon.

Ulstein Verft si tungløftsavdeling brukte dei to multiwheelerane sine til å transportere og løfte opp A-ramma til vertikal stilling, før dei nytta mobilkrana si til å løfte og posisjonere A-ramma på ‘Nexans Aurora’.

Tungløftsavdelinga si mobilkran av typen Demag CC2800-1 kan løfte opp til 400 tonn når ho står på lekter. Løftet av 150-tonns A-ramma frå Palfinger vart gjennomført utan komplikasjonar.
Tungløftsavdelinga si mobilkran av typen Demag CC2800-1 kan løfte opp til 400 tonn når ho står på lekter. Løftet av 150-tonns A-ramma frå Palfinger vart gjennomført utan komplikasjonar.

Animasjon av operasjonar om bord på kabelleggingsskipet 'Nexans Aurora':

Please contact us for more information

Ulstein Verft AS

P. O. Box 158,
NO-6067 Ulsteinvik
Norway

Tel: +47 7000 8000

gr@ulstein.com

Lars Luhr Olsen Dsc9292 Landscape Bw
Lars Lühr Olsen

Managing director

Tel: +47 908 49 800

lars.luhr.olsen@ulstein.com