Demonterte A-ramma til Havila Jupiter

Published


Etter ei litt rolig periode i tungløftsavdelinga, der vedlikehald av ymse art blei utført, kom offshoresupplyskipet 'Havila Jupiter' til kai ved Ulstein Verft for demontering av A-ramma som var om bord. A-ramma vil bli lagra på Ulstein sitt område inntil vidare.

Vekta til A-ramma var estimert til 185 tonn. Krana, ein Demag CC2800-1, er til vanleg stasjonert ved Ulstein Verft i Ulsteinvik. Denne blir brukt internt eller til eksterne kundar, då oftast på lekteren, men kan køyrast på land der forholda opnar for det. Det kan brukast trau eller vogn til superliftmotvekt. Krana kan også stagast i lekteren.

I dette tilfellet vart arbeidet utført frå land ved Ulstein Verft, og frå land har krana ein løftekapasitet på 600 tonn, mot 400 tonn på lekteren. Eit løft på 185 tonn var difor eit greitt oppdrag for vår avdeling.

Please contact us for more information

Jostein Sornes
Jostein Sørnes

Section leader Heavy Lift/NDT operator

Tel: +47 992 51 705

jostein.sornes@ulstein.com